Håverd finn lykka i skyene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det låg i stjernene at Håvard Dale skulle forelska seg i dei store maskinane med vinger. Med ein far som var var flyteknikar, pilot genuint interessert – og som tok med sonen opp i skyene frå han omtrent kunne gå, vart det berre slik. Og det er Håvard evig takksam for. Her er historia om ein som lever og ånder for hobbyen sin – og som ikkje kan vera den forutan for alt i verda.

– Den første flyturen eg kan minnast var då eg gjekk i 5. klasse. Eg fekk fri frå skulen ein dag for å vera med far min til Trondheim for å henta ein ny motor. Eg hugsar endå kor stort det var å fly over Alversund skule og vita at klassen min hadde undervisning rett under meg. Eg var så stolt. Kjensla eg fekk av å vera oppi lufta, var heilt fantastisk.

Fly har alltid vore ein naturleg del av livet hans. Det stod alltid eit fly i løa på garden, som var under reparasjon eller service. Det var ein del av oppveksten, slik som hytteturar eller fotball er for andre born.

INSTRUMENTA: Her kan ein mellom anna følga med på lufttrykket, kor fort det går og kor mange fot flyet er over bakken Foto: Irene Bratteng Jenssen

Som femtenåring var han på sin aller første flytur åleine – eit seglfly. Ferda gjekk over fjella, ein nydeleg sommardag på Voss, kor han kvart år var på flyleir, saman med andre barn og ungdommar.

– Eg fekk eit adrenalinrush eg ikkje trudde var mogleg å oppnå. Eg hugsar kjensla eg hadde då eg var på rullebana, klar til take off. Eg tenkte at «no er det verkeleg alvor».

Frå då av var Håvard frelst. Han ville fly igjen – med ein gong. Han gjekk rundt og såg opp mot himmelen og lengta etter å koma blant skyene igjen.

Håvard begynte tidleg å skru på fly, og då han var 21 år, kjøpe faren eit fly som måtte reparerast. Håvard tilbragte mangfaldige timer og dagar i løa på garden, og hjelpte til å med å restaurera det frå botnen av. Det var då han fann ut kva han ville jobbe som. Flytekninkar – slik som faren. I 2002 fekk han flyteknikersertifikatet, og jobbar no hjå CHC Helikopterservice på Flesland, kor han reparerer og driv med vedlikehald på helikopter som opererer i Nordsjøen.

Familien har alltid støtta interessa til Håvard, og han inkluderer dei gladleg. Dei er ein «flyfamilie» i ordas rette forstand. Då sonen Odin (13) spelte fotballcup i sommar, vart alle på laget køyrt i bil. Håvard og Odin tok veien langt over bakken. Då Håvard og kona Anita budde i Trondheim, og Odin berre var eit par år, fløyg dei rett som det var til Bergen. Odin sat i fanget til Anita.

– Vi landa i Sandane. Anita bytta bleie, medan eg fylte bensin.

NORDHORDLAND: Flytur over Flatøy og mot Knarvik Foto: Irene Bratteng Jenssen

Sola lyser svakt gjennom ein disig himmel, og ned på Flesland. Håvard har på seg ein militærgrøn drakt, med ein lite stoffmerke frampå lomma. På den står det «Håvard Dale. Yaknorway pilot». Han tok nemleg sertifikatet i 2002.

Berre nokre minutt frå arbeidsplassen eig Håvard ein hangar, saman med tre andre. Her tilbringer han mykje av fritida si – reparerer og skrur. Innimellom, så ofte han kan, tar han seg ein flytur.

Håvard står utanfor sitt nyaste kjøpte fly, ein Yak52 – sjekkar at alt er som det skal, fyller bensin og tar på seg fallskjerm og redningsvest. No skal han gjera det han elskar mest av alt – fly.

«LiMa november hotel delta Alfa. Request start up, intention flight Nordhordland outbound Sandviken. Got information fox drop». Håvard snakkar i kodar, gjer beskjed til Tårnet om at han er klar for take off. Ein knitrande, susande lyd høyrast i hodetelefonane. Tårnet svarer. «Startup approved. Information correct».

Lyden av motoren som brummar høgt og intenst, blandast med ei søt lukt av bensin som fyller det vesle tomannsflyet. Rullebana er fri, det er klart for avgang. Håvard trykker ned gassen, og i ei rasande fart beveger flyet seg bortover bana, før det etter nokre sekund er i lufta – på veg opp mot sola og skyene.

Det er slik Håvard føler seg heil som menneske. Det er dette han lever for – det er dette han elskar. Han flyr over Bergen, langs fjorden og mot Nordhordland.

– Når eg flyr, stenger eg ut alt anna. For meg er dette som terapi. Kroppen finn ein ro, som er heilt eineståande. Eg kan ikkje forklara det på anna måte enn at det er fantastisk. Heilt fantastisk.

Håvard har aldri tenkt å slutta med hobbyen sin Kva skal han halda på med då – som kan måla seg med dette. Dykka? Kjøpa seg båt? Trø på ein sykkel i Tour de France? Nei, ingenting er som dette, meiner han.

– Interessa og gleda over å fly er bunnsolid. Eg ser ikkje ein einaste mørk sky i horisonten, som skal gjera at eg sluttar med det. For meg er dette lykke.

Les saka i Nordhordland!

 

TERAPI: – Når er flyr, stenger eg ut alt anna. for meg er dette som terapi, seier håvard. Foto: Irene Bratteng Jenssen

FLYTEKNIKAR: Som flyteknikar har Håvard moglegheit til å reparera og mekka på sitt eige fly Foto: Irene Bratteng Jenssen

KONTROLL: Håvard har full kontroll, og oversik Foto: Irene Bratteng Jenssen