I Elsa Laulas fotspor i Sápmi

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Da jubilèet Tråante i fjor markerte at det var 100 år sidan det første samiske landsmøtet vart arrangert i Trondheim, var det ei samisk kvinne som vart spesielt trekt fram. Elsa Laula Renberg var initiativtakar til det første samiske landsmøtet i 1917.

Det var spesielt både at ho var kvinne og ein samisk person som var tydeleg i samfunnsdebatten på den tida.

Eva Fjellheim. Foto: Beate Haugtrø

Eva Fjellheim ville finne ut korleis situasjonen er for det samiske folket i dag. Foto: Beate Haugtrø

Inspirert av Elsa Laula Renberg, fekk Eva Fjellheim (33) og dei andre i kollektivet Søstrene suse idèen om å lage ein radiodokumentar med utgangspunkt i dei samiske kvinnene sine historier gjennom dei siste hundre åra.

Det var starten på dokumentarserien «I Elsa Laulas fotspor gjennom Sápmi».

Kven er dei samiske kvinnene i dag?

– Eg syntest det var spennande å sjå på kva situasjonen er for det samiske folket i dag gjennom å samtale med forskjellige kvinner. Det er ikkje ein dokumentar om Renberg, men det handlar om å sjå det i eit 100-årsperspektiv.

Sørsamen Elsa Laula Renberg var initiativtakeren til det første samiske landsmøtet i 1917. Foto: ukjent, Saemien Sijtes fotoarkiv, via Wikimedia Commons

Sørsamen Elsa Laula Renberg var initiativtakeren til det første samiske landsmøtet i 1917. Foto: ukjent, Saemien Sijtes fotoarkiv, via Wikimedia Commons

Kven er dei samiske kvinnene i dag, og kva har skjedd sidan Elsa Laula levde. Har kvinnene i dag fellestrekk med det ho sto for? seier Fjellheim.

Saman med Susanne Normann, Astrid Fadnes, Ingrid Fadnes og Kjersti Kanestrøm Lie, fekk ho støtte frå Fritt ord og frå Sametinget. På reisa har dei ønska å dekke eit mangfald både i alder og geografi, og har reist rundt, tatt seg god tid, og møtt folk der dei er. 

Sterk og viktig rolle i det samiske samfunnet

Reisa har gått igjennom Sapmi – i både sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk område. Dei har reist mest rundt i Noreg, men har òg vore i Sverige og Finland. På reisa snakka dei med 22 forskjellige samiske kvinner med eit aldersspenn frå 19 til 83 år.

Fjellheim presiserer at det ikkje er forskning dei har gjort, men djupdejournalistikk. På reisa fann dei ut at samiske kvinner har ei sterk og viktig rolle i det samiske samfunnet.

Kunstnar Máret Anne Sara henger opp kunstverket Pilo O Sápmi utanfor Stortinget desember 2017. Foto: Ingrid Fadnes

Kunstnar Máret Anne Sara henger opp kunstverket Pilo O Sápmi utanfor Stortinget desember 2017. Kunstverket hennar har òg stilt ut på verdas største kunstutstilling- Documenta 14 i Tyskland.Foto: Ingrid Fadnes

– Korleis har reisa vore?

– Det har vore mange sterke møte, mange sterke og inspirerande samtalar. 

Ho fortel at det var spesielt sterkt dei to gongane dei var med og dokumenterte noko som skjedde der og da. I den første episoden møter vi kunstnar Máret Anne Sara, medan ho aksjonerer utanfor Stortinget.

Fire hundre hovudskallar av reinsdyr

Kunstverket til Máret Anne Sara, «Pilo O Sápmi» består av 400 hovudskallar av reinsdyr, og vart til som støtte for hennar bror som kjempa i retten for å få behalde reinflokken sin. Då kunstverket vart hengt opp utanfor Stortinget, gjekk saka til broren i høgsterett.

Dei 400 reinsdyrhovuda på kunstfestivalen «Documenta» i Kassel i Tyskland. Foto: !Koss/Flickr/CC BY-ND 2.0

Dei 400 reinsdyrhovuda på kunstfestivalen «Documenta» i Kassel i Tyskland. Foto: !Koss/Flickr/CC BY-ND 2.0

– Det var sterkt å vere med og sjå koss ho klarte å vekke så mykje merksemd gjennom eit kunstprosjekt. Og det var sterkt å få lov til å dokumentere det. 

Om bror hennar Jovsset Ante Sara, må tvangsslakte reinflokken sin etter pålegg fra staten, så må han legge ned drifta, han blir fratatt retten til å utøve sin kultur og sitt yrke, seier Fjellheim.

I ein annan episode følger dei ei markering mot vindmølleutbygging på Stokkfjellet i Selbu. Der er det planlagt ein vindmøllepark midt i eit reindriftsområde.

– Dei forsvarer framtida si. For dei så er det vere eller ikkje vere å behalde naturområda eller reinflokken.

Fjellheim seier at retten til tradisjonelle næringar og landrettar har vorte verre fordi presset har vorte større. Utbygging av vindmøllar, vatnkraft og gruvedrift gjer at reindrifta stadig må kjempe mot både stat og privat næringsliv for å behalde beiteområda.

Av og med kvinner

Heile serien er produsert med og av kvinner, i samarbeid med kvinneradioen Radio Orakel. 

Kvifor har det vore viktig for dykk å ha kvinner i alle ledd?

– Kvinner har andre erfaringar, ein annan kunnskap og andre ting dei er opptatte av. Ofte forsvinn kanskje kvinnestemmene i den store samfunnsdebatten. Vi ønska òg å løfte fram eit samisk kvinneperspektiv, seier Fjellheim.

Ho trur òg at det at kvinner produserer ein dokumentar gir eit anna fokus.

Stort press på dei tradisjonelle samiske områda

Da Elsa Laula sto i front for det første samiske landsmøtet i 1917, hadde samane låg status i den norske samfunnet. Noreg hadde nyleg fått eiga grunnlov, og det var fokus på å bygge ein felles, norsk identitet. Der fekk ikkje det samiske plass. Det var forbode å snakke samisk språk i skolen, og dei samiske barna vart sendte på internatskole for å lære norsk.

Med dokumentarserien er dei interesserte i å sjå på om situasjonen til samane er betre i dag.

– Det er tydeleg gjennom kvinnene vi snakkar med at retten til land og vatn er viktig. Vi ser at kampen om naturressursane har skapt eit enormt press på dei tradisjonelle samiske områda med samisk næring. 

Ho fortel at å drive tradisjonell næring har innverknad på heile kulturen og språket. Kunnskap blir vidareført frå generasjon til generasjon, og ein er knytta til tilgangen til landområda ein har levd i og er gjensidig avhengig av.

– Det er ein viktig debatt å ta, seier ho.

Ein kan spørre seg om kvifor er det så mange stemmer som skrik ut, dersom ein har eit bra lovverk. Mange føler at dei har gitt nok, og står på stupet i forhold til sin eigen kultur.

Håper det kan brukast i undervisning

No jobbar Søstrene Suse med å ferdigstille dokumentarserien. Det skal bli til ein podkast-serie, og dei håpar at den òg kan brukast i undervisning.

– Vi ønsker å bidra til at det er interessant både for det samiske samfunnet og for folk ellers, seier Fjellheim.

Ho meiner mangel på kunnskap om samisk kultur er ei utfordring.

– Hensikten er at det skal gi kunnskap og skape debatt. At lyttarane kan ta utgangspunkt i historiane for å diskutere historiske forhold og dagens forhold. Kunnskapen må byrje i skolen, seier Fjellheim.