Samisk jubel etter fleirtal for sannheitskommisjon om fornorsking

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.06.2017 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag kveld blei det kjent at Aps stortingsgruppe samrøystes støttar SVs forslag om å opprette ein sannheitskommisjon som skal granske fornorskingspolitikken som samane og kvenene blei utsette for frå midten av 1800-talet og i meir enn 100 år.

– Hurra! Dette er verkeleg gode nyheiter og ein siger for det samiske samfunnet. Vi prioriterte å setje i gang dette arbeidet på Sametinget fordi vi som folk har eit stort behov for å kartleggje fornorskinga og konsekvensane av den, sånn at vi kan gå vidare, seier sametingsrepresentant Henrik Olsen (Norske Samers Riksforbund).

LES OGSÅ: Fornorsking i ny innpakning

– Takk til alle i det samiske samfunnet som har stilt opp og belyst behovet for ein kommisjon, og takk til SV som tok ballen vi spelte til dei og køyrde saka gjennom Stortinget. I førre veke løfta vi saka som hastesak på Sametinget for å sende Stortinget ein tydeleg beskjed frå det samiske samfunnet. No blir jobben å sikre at mandatet blir riktig og at det blir sett av tilstrekkeleg med ressursar, seier Olsen.

Kristeleg Folkeparti, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet har alle gitt støtte til forslaget, medan Framstegspartiet har sagt nei til ei gransking. Høgre har førebels ikkje tatt stilling til saka. Aps representant i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, Aps Martin Kolberg, stadfestar overfor NRK at Ap vil støtte forslaget.

Martin Kolberg. Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB scanpix / NPK

Kolberg meiner ein kommisjon er nødvendig.

– Dette er blitt behandla lenge og omstendeleg. Gjennom behandlinga er det blitt gjort tydeleg at vi må få samla dokumentasjonen av historiske fakta, få fram nye historiske fakta og sjå kva læring vi må trekke av det, seier han.

Saka skal handsamast i kontroll- og konstitusjonskomiteen, som skal komme med innstillinga si 13. juni. Forslaget skal behandlast av Stortinget i plenum 20. juni.

– Sannheitskommisjonen skal ikkje fordele skyld, men søke sanning. Å føre sanning fram i lyset, det er kjernen i forsoning, uttalte SVs stortingsrepresentant Kirsti Bergstø til Vårt Land då forslaget blei fremja i januar i år.

Ifølgje forslaget skal ein sannheitskommisjon studere konsekvensane av fornorskingspolitikken i dei samiske områda, som gjekk føre seg i over 100 år.

– Ein skal gjennomgå dei overgrepa og den uretten som den samiske befolkninga er blitt utsett for. Ein generasjon fekk språket sitt slått ut av kroppen sin. Den neste generasjonen fekk språket frårøvd på grunn av forteiing. Så det er klart at dette er viktig, uttalte Bergstø.

LES OGSÅ: Bysamar er kvardagsambassadørar