Politiet lager chatteteneste for ungdom
Chattetenesta skal gjere det enklare for ungdom å melde spreiing av sexvideoar på nett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje NRK har deling av fleire sexvideoar gjennom chattegrupper på Facebook og Snapchat skjedd blant russen i år. Ein av videoane skal vise grove bilete av oralsex på ein russebuss.
Politioverbetjent i seksjon for digitalt politiarbeid ved Oslo politidistrikt, Anne Katrin Storsveen seier til kanalen at svært få melder deling av slike bilete og videoar.
For å nå fram til unge, og prøve å få opp talet på politimeldingar, planlegg politiet no ei ny chatteteneste. Tenesta blir tilgjengeleg gjennom Facebook Messenger, og politiet håper den blir klar før jul.
Storsveen seier politiet ønsker eit nærvær på nett slik at ungdommar som ønsker å kontakte politiet, men som kanskje ikkje tør, får ei moglegheit.
Gjennom eit samarbeid med helsesøster Tale Maria Krohn Engvik – kjent på Snapchat som «Helsesista» – seier politioverbetjenten at ho allereie ser effekten av å chatte med ungdom. Samarbeidet går ut på at Storsveen kan bli kopla inn dersom Engvik får alvorlege meldingar frå ungdommar.
Til NRK viser Storsveen til eit eksempel der ei jente blei utsett for ei seksuell hending, og fekk hjelp via chatting til å melde hendinga.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Gutar, kven har bede dykk halde kjeft i debatten om nakenbilete?