Dette er det viktigaste å læra for framtida

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidsgjevarar klagar på at kandidatar ikkje er klare til jobb. Stanford University-studiar indikerer at elevane er overbelasta og for lite førebudd.

Så nøyaktig kva skal vi læra unge menneske i ein alder der Dr. Google har eit svar for alt?

Menneske lever lenger, dei tradisjonelle yrka forsvinn medan nye er oppretta, internasjonal mobilitet aukar mangfaldet drastisk, terrorisme, miljøtruslar og ulikheit treng merksemda vår og robotar og genredigering er på veg. Alt dette krev at vi må undersøkja på ny kva kjerna av det det tyder å vera menneskeleg er.

The Global Teacher Bloggers er pionerar og innovatørar innan område som integrering av teknologi, matematikkcoaching, spesialundervisning, vitskapsinstruksjon og likestilling, og kjem her med idèar om korleis utdanninga kan betrast:

  • Utvikla ein generasjon av kritiske tenkjarar

Vi må utvikla ein generasjon av kritiske tenkjarar, samarbeidspartnarar, kommunikatorar, miljøvernarar og etiske IT-brukarar, skriv Rashmi Kathuria i India.

  • Lag motvekt mot ekstreme påstandar

Innhaldet i nyhenda i dei siste åra, gjev tydelege bevis for at utdanningssystemet vårt sviktar, skriv Miriam Mason-Sesay frå Storbritania, som meiner at splitting, hat og hyklarsk frykt veks fram tilsynelatande utan motvekter, og at utdanningssystemet ikkje har førebudd ungdomane til å vurdera sanninga i dei mange ekstreme påstandane dei blir stilt ovanfor.

  • Lære empati og livslang læring

Craig Kemp frå Singapore vil ha meir vekt på livslang læring enn læreplaninnhald, og å læra elevane å vera empatiske i ei verd som er negativ og full av fordømming.

  • Lidenskapsprosjekt for kvar elev

Elisa Guerra Cruz frå Mexico sin læreplan vil fokusera på kva elevane faktisk bryr seg om, rettar seg derifrå mot å skaffa seg kunnskap og evner som elevane treng. Denne læreplana vil konstant oppdatera seg sjølv.

  • Elevane må laga sitt eige pensum

New Zealand-læreplanen er fokusert på å utvikla evner hos unge i staden for bestemt innhald og emner, skriv Richard Wells. Det bed kvar skule å utvikla sin eigen lokale læreplan som best tilfredsstillar behova til elevane. Skulane blir òg oppfordra til å involvera elevane i å forhandla pensum basert på eigne behov og interesser.

  • Felles global læreplan

Maarit Rossi frå Finland meiner at alle klassar kan trenga ein felles global læreplan. Denne generasjonen vil bu i ein global landsby – vi treng å vita den beste utdanningspolitikken, den nyaste kunnskapen om lærings- og læringspraksis for å førebu dei for framtida.

  • Ikkje byggja sin eigen Google, men læra å tenkja sjølv

I tidlegare århundre måtte elevane byggja sin eigen Google. Med andre ord lærde dei og bygde sin eigen kunnskapsbase, skriv Vicki Davis frå USA. For å utvida kunnskapen sin måtte dei samla eit bibliotek og vita korleis ein finn bøker i han. Fokuset var på læring. No ser det ut til å vera på å finna. I staden meiner ho me bør læra folk å tenkja.

  • Lærarane må lære verda utanfor klasserommet å kjenne

Vi må lukka hola som eksisterer mellom klasseromma våre og styrerommet, skriv Nadia Lopez frå New York, USA. Viss lærarane våre ikkje veit kva krava er i verda utanfor klasserommet deira, korleis kan dei effektivt førebu studentane utover sine eigne avgrensingar? Det handlar ikkje berre om å ha ein skule med den nyaste teknologien, men å læra barn å løysa problem, tilpassa seg, vera innovative og ansvarlege for sin eiga læring.

LES OGSÅ: Norge er blant dei beste i verda på skulegang til alle