– Vi må ha tillit til skulen og til lærarane

Elise Løvereide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile 11 ungdomsskular i Bergen har fjerna karakterar som undervegsvurdering, noko som har skapa debatt i byen, inkludert blant politikarane.

Leiaren i Bergen Unge Høgre sa til Framtida.no denne veka at han støttar bruken av karakterar slik systemet er i dag, men at han er villig til å lytte til forsking som eventuelt seier noko anna.

FpU: – Tillit til skulen

Til det meiner fylkesformann i Hordaland Framstegspartiets ungdom, Martin Virkesdal Jonsterhaug, at det er «typisk Høgre å tru at vi politikarar veit best.»

Foto: Flickr/elinerijpers

— Eg har tiltru til skuleleiinga og at lærarar har best føresetnad for å ta slike avgjerder. Kor ofte ser ein at politikarar seier at legar eller ingeniørar gjer feil? Kvifor er det då slik at med ein gong det er snakk om lærarar skal politikarane alltid styre?

— Kva meiner FpU om karakterar i ungdomsskulen? I FrP sitt partiprogram står det at det er ønskeleg med karakterar allereie frå 5. klasse. Er det usemje om dette mellom FrP eller FpU, eller er det lokal usemje?

— FpU har strengt tatt ikkje noko vedtatt politikk på karakterar i ungdomsskulen. Det vi meiner er at vi ønsker størst mogleg fridom til kvar enkelt skule. I det vedtatte handlingsprogrammet er det formulert slik at Framstegspartiet vil gje skuleeigar moglegheit til å innføre karakterar i matematikk, engelsk og norsk, frå og med femte klassetrinn. Det går ikkje imot det FpU meiner.

Jonsterhaug legg til:

— Samstundes veit eg at Bergen FrP har eit lokalprogram til 2019 om at dei ønsker karakterar i grunnskulen. Her skal eg ta opp spørsmålet med lokallaget når det nye programmet skal vedtakast, seier han.

SU: – Treng nye system

Både Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom er imot karakterkrava som undervegsvurdering. Thomas Helland-Hansen, leiar i Bergen Sosialistisk Ungdom, seier til Framtida at ungdomspartiet ikkje har noko vedtatt politikk på området, men at dei har visse meiningar om karakterar:

Thomas Helland-Hansen er leiar i Bergen SU. Foto: Privat

– Bergen Sosialistiske Ungdom meiner at karakterar ikkje er godt nok, både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule.

Helland-Hansen og Bergen SU meiner at det trengst eit nytt opptakssystem og vurderingssystem.

– Vi ønsker eit vurderingssystem som baserer seg på grundige og konstruktive tilbakemeldingar på kva elevane faktisk gjer, noko som ikkje alltid kan sjåast i tal, seier han.

RU: – Det blir enklare utan

Leiar i Bergen Raud Ungdom, Marie Follesø, er samd i at karakterar kun skal nyttast som sluttvurdering.

– Undervegskarakterar skal bli erstatta av ei mappevurdering, der eleven samlar alle tekstar og innleveringar gjennom skuleåret. Denne mappa vil erstatte eksamen. Vi trur at ved å fjerne talkarakterar vil læraren ha meir fokus på tilbakemeldingar, slik at elevane betre kan vite kva dei gjer bra, og kva dei kan gjere betre.

– Vil det ikkje bli vanskelegare for læraren å gje ei konkret tilbakemelding til elevane og deira nivå? Evalueringar utan tal kan jo verte både «hummer og kanari»?

– Vi meiner ikkje at det vil bli vanskelegare, vi meiner derimot at det vil bli enklare. Spesielt i fag som norsk, der det ikkje er nokon klar fasit på kva som er rett og galt. Læraren vil heller kunne bruke tid på å forklare eleven kva som er bra og mindre bra, i staden for å gruble rundt kva slags terningkast teksten fortener.

Leiar i Bergen RU, Marie Follesø. Foto: Privat

– Kan vere betre alternativ

Åge Røssing Diseth ved Universitetet i Bergen har saman med professor Oddrun Samdal undersøkt korleis karakterar påverkar motivasjonen til elevane. Han meiner at det er fleire andre moglegheiter for evaluering enn karakterar:

– Lærarar kan gje tilbakemelding til elevane om kva det er viktig at dei lærar, kva dei har forstått så langt, og kva dei treng for å kome seg vidare.

Han held fram:

– Dersom lærarar skal kommentere prestasjonsnivået, kan dei gje korrigerande tilbakemelding. For eksempel resultatet frå ei prøve, forklarande tilbakemelding – kvifor noko er rett eller galt, eller utdjupande tilbakemelding når eleven har svart feil.

Diseth meiner at karakterar er viktigast når ein skal velje ut kva elevar som får førestevalet sitt til vidaregåande.

– Bortsett frå det treng ein strengt tatt ikkje karakterar. Men eg ikkje motstandar av dei, vi berre treng å vite kva vi skal bruke dei til, og å redusere bruken av dei dersom det finst betre alternativ.

Ungdomspolitikarar frå andre parti har ikkje svart på Framtida.no sine førespurnadar.