Storsatsing på realfag gav toppkarakterar

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 03.03.2018 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Her er det flest realfagselevar i landet, seier Karl Roar Vigmostad om St. Olav vidaregåande skole i Stavanger.

Ved skulen får realfag-elevane tilbod om å ta fag på høgare klassetrinn, og Vg3-elevane kan studere kjemi, matte eller teknologi og design ved Universitetet i Stavanger. For Vg2-elevane på forskingslinja er det obligatorisk med eit fag på universitetet.

– Dette er flinke elevar som treng ei større utfordring. Elevane som har tatt mattefag ved Universitetet i Stavanger har alle fått toppkarakterar, der strykprosenten elles er høg. Det er vi stolte av, seier Eva Johanne Støkken, som er avdelingsleiar for forskarlinja saman med Vigmostad.

Eva Støkken er avdelingsleiar på forskarlinje ved St. Olav. Alle foto: Elise Løvereide

Får studiepoeng

Marliet Ramos (18) har i haust tatt kjemi på Universitetet i Stavanger. I framtida har ho lyst til å jobbe på eit laboratorium.

– Eg valde forskarlinja først og fremst fordi eg tenkte på studiepoenga. Men eg har også fått lære så utruleg mykje. Særleg likte eg at kjemifaget handla tok med miljøaspektet.

– Du merkar at dei som underviser ved universitetet brenn for faga, og at dei er oppdaterte på ny forsking, seier Johan Emil Linnestad Larsson (18).

LES OGSÅ: Færre vel realfag på vidaregåande

Ei ekstra utfordring

Det var den tidlegare assisterande rektoren Grete Mahan som starta opp forskarlinja i 2010. Eit anna tilbod ved skulen går ut på at flinke ungdomsskule-elevar kan ta enkeltfag i eit såkalla forsert løp. Til dømes kan elevar ved ein ungdomsskule ta kjemi på Vg1 ved St. Olav, for så å halde fram med kjemi 2 når dei byrjar på vidaregåande.

– Når elevane har kome inn på Vg1 på St. Olav, kan dei søke om opptak til forskarlinja. Tilbodet er for elevar som har evner og motivasjon til ei ekstra utfordring. Somme elevar kjedar seg om dei ikkje blir utfordra, meiner Støkken.

Sondre Nordmoen trivst på forskarlinja. Sjølv om skjelettet høyrer til biologifaget, vil Nordmoen likevel kikke på det. Foto: Elise Løvereide

Tett på realfag

Forskarlinja er aktuell for dei som ønsker seg ei framtid som lege, veterinær, ingeniør eller arkitekt, og som interesserer seg for teknologi og realfag. Mange av dei går vidare med realfaga etter at dei er uteksaminerte. Det er positivt for regjeringa, som satsar på realfag i strategiar som «Tett på realfag».

— Målet er at fleire elevar skal gå ut av skulen med god kunnskap i realfag, slik at dei er førebudde på vidare utdanning. God realfagskompetanse er viktig for å sjå nye løysingar i eit arbeids- og næringsliv som stadig endrar seg, seier Bjørg Rafoss Tronsli, avdelingsdirektør i Utdanningsforbundet.

LES OGSÅ: Heltar i realfag gir råd til ministeren

Elevane viser ivrig korleis ei varmepumpe fungerer.

Båtkonkurranse

I teknologi og forskingsfag får elevane lage robotar og lære programmering. Dessutan har Vg2-elevane ein konkurranse med elevar frå Stavanger Katedralskule kvart år, der dei konstruerer ein styrbar båt.

– Det handlar om å vinne, og vi plar å knuse dei, ler Larsson.

Sist haust tok han og dei andre faget Mat100 saman med 400 studentar, eit fag som har høg strykprosent. Alle elevane ved St. Olav fekk toppkarakter eller karakter B.

– Den største forskjellen på universitetet og vidaregåande er at du er friare som student. Sidan undervisinga blir tatt opp på video, kan du sjå på forelesinga når det passar, seier Sondre Nordmoen (18).

Marliet Ramos (18) tar fag ved Universitetet i Stavanger, sjølv om ho går på vidaregåande.

– Positivt

Elevane synest ikkje at faga på Universitetet har vore for vanskelege.

– Det følger ein naturleg progresjon frå faget du har tatt tidlegare. Med dette viser du at du kan ta eit universitetsfag. Eg trur det er positivt når ein søker opptak, seier Larsson.

– Alt er på engelsk, men kunnskapen vi får vil jo også bli brukt på engelsk.

Ådne Jonsbråten (18) er nøgd med tilbodet.

– Det var eit godt opplegg. Eg synest det er best å jobbe åleine med noko, så lenge eg har ei bok å forhalde meg til. Ein treng ikkje ein lærar, seier han.

LES OGSÅ: Slik blir du statsmeteorolog

Vil bli forskarar

Elevane ved St. Olav har fysisk møtt på Universitetet i Stavanger for å ta eksamen, og vil få vitnemål frå universitetet når dei blir uteksaminerte. Det einaste gruppa har å utsette på programmet, er koordineringa av tid.

– Vi fekk ikkje lesedagar før vi skulle ta eksamen på universitetet. Det vart ein del rot rundt det, seier Ramos.

Sondre Nordmoen og Johan Emil Linnestad Larsson.

– Kva har de lyst til å studere etter vidaregåande?

– Eg vil bli i forskar, helst innan fysikk. Vi besøkte CERN i Sveits sist sommar, der dei jobbar med partikkelfysisk forsking, og då vart eg frelst, seier Johan Emil Linnestad Larsson.

Ådne Jonsbråten er ikkje sikker på kva han vil bli. Sondre Nordmoen har på si side ein draum om å kome inn på astrofysikar-linja.

– Då må eg først ta fysikk og så handlar det mykje om å bli sett, seier han.

Anna Halleraker Vihovde (17) går Vg2 i år, og tok fag ved St. Olav allereie då ho gjekk på Kannik ungdomsskule. Til neste år skal ho ta fag ved universitetet. – Det er gøy, for plutseleg var ting vanskeleg.

Treng fleire realistar

Av elevane som har begynt på forskarlinja, er det berre nokre få som har slutta. Ifølge elevane er det fordi tidspresset vart for stort, men også fordi nivået kanskje vart for høgt.

– Det er lett å få høge forventningar til seg sjølv også, så det er kanskje ikkje alle som klarer det. Eller så har dei slutta av heilt andre årsaker.

– Gjennomføringa var opp mot 100 prosent på normert tid i fjor. Målet er å stimulere dei flinke elevane. I tillegg treng vi fleire realistar framover, avsluttar Støkken.

LES OGSÅ: Her treff 1 million volt Andreas Wahl