Slik blir du statsmeteorolog

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik blir du meteorolog

Namn: Berit Hagen
Alder: 26
Yrke: Statsmeteorolog
Arbeidsplass: Meteorologisk Institutt, Bergen

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har alltid vore interessert i realfag, og spesielt matematikk og fysikk. Eg tok desse faga på skulen, og bestemte meg tidlig for at eg ville bli meteorolog. Sjølv om meteorologi er eit teoretisk fag med mykje matematikk og fysikk, er det også eit meir "synlig" fag. Vi opplever jo meteorologien heile tida, det er ikkje berre tal og likningar.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

– Eg utarbeidar vêrvarsel, til dømes bølgje- og vindvarsel for oljeplattformer, vind-, nedbør- og siktvarsel for fiske- og havområda utanfor Noreg og varsel for folk flest, som er mest opptekne av om det blir sol eller ikkje, eller om det kjem til å kome nedbør. Nokre gongar må vi vurdere faren for til dømes skogbrann eller snøras og om det vil bli naudsynt å sende ut ekstremvêrvarsel. Eg svarar på førespurnadar frå media og andre brukarar av vêrvarsla våre og vi formidlar vêrvarsel på radio og nokre gonger på TV. I tillegg har vi dagar på kontor, då kan ein oppdatere seg faglig, jobbe med prosjekt og liknande.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er nødvendig?

– Eg har ei bachelorgrad i geofysikk som er eit samlebegrep på oseanografi, meteorologi og klima. I tillegg har eg ei mastergrad innan meteorologi. Om ein tek master i oseanografi eller klima, er det også mogligheit for å få jobb som meteorolog.

– Som person må ein vere interessert i matematikk og fysikk. Det er òg ei fordel å være flink til å formidle. Det hjelper ikkje å lage ei godt vêrvarsling om ein ikkje klarar å formidle det.

Kva er det beste med yrket ditt?

– Mange er avhengig av vêret for å utføre arbeidet sitt, og eg føler at eg bidrar med noko nyttig i jobben som meteorolog. Alle er jo interesserte i vêret, og har ei meining om det. I tillegg får vi mogligheita til å utvikle kunnskapen vår med å delta på forskjellige kurs og konferansar både i Noreg og i utlandet. Sjølv om arbeidsoppgåvene ofte er like frå dag til dag, er ingen dag lik, fordi vêret forandrar seg heile tida.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Det blir ein del stillesitjing framfor ein dataskjerm. I byrjinga syns eg det var vanskelig å svare på ein del førespurnadar frå media. På dagar med ”mykje” vêr, til dømes stormar eller store nedbørsmengder, kan det bli veldig travelt her.

Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?

– Ein kan ta ei doktorgrad og drive forsking, eller ein kan ta pedagogikk i tillegg og jobbe som lektor i geofag, matematikk og fysikk. Energiselskapa treng også meteorologar til å kartlegge vindforhold for vindmøller, nedbør i vassdrag og liknande.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Startløna er på ca. 360 000 kr. Med ettermiddags- og helgetillegg kan ein rekne med tillegg på 50-70 000 i året. Løna stig gradvis, men eg er usikker på kva "toppløn" ein kan forvente.

Korleis ser du sjansane til å få jobb innan dette yrket?

– Gode. Mange får jobb før eller med ein gang dei er ferdig med utdanninga. Mange kjem til å gå av med pensjon i åra framover og vi kjem til å trenge nye meteorologar.

LES MEIR OM YRKESVAL!