Elektrisk spenning med innandørs lyn.

Nils-Tore Sele, Bømlo-Nytt
Nils-Tore Sele, Bømlo-Nytt

Andreas Wahl trollbatt salen i Bømlo Kulturhus søndag då han baud på eit spektakulært show basert på elektrisitet og fysikk.

Alt Andreas Wahl baserer showet Elektrisk på, starta for 150 år sidan. Då kom elektrisiteten inn i daglegliva våre. I tida som har gått har mørkret måtta vika for ein stadig meir elektrisk styrt og opplyst kvardag for oss alle.

– Elektrisitet gjorde bokstaveleg tala natt om til dag, sa den kjende fysikaren i innleiinga til showet.

Han er fysikaren og vitskapsformidlaren som har komme inn i stovene våre gjennom fleire tv-program på NRK dei siste åra, seinast gjennom serien «Med livet som innsats». Femte episode i den serien vart vist på tv seinare på kvelden. Episoden vart runda av med same elektriske fysikkstunt som Wahl avsluttar Elektrisk med. Meir om det seinare i denne artikkelen.

Glitterelektronar
I løpet av ein time på sundag kveld, fekk Wahl 262 menneske i den store kulturhussalen med på ei fascinerande «elektromagisk» reise innan fysikk.

Kva har ei strikkahue i ull som han fekk låna frå ein publikummar i salen og eit plastrøyr å gjera med dette?

Vel, det er rett og slett utstyr som får glitter til å fly.

Ved å gni hua over plastrøyret, og sidan sleppa det metallhaldige glitteret over røyret, fekk han det til å hoppa og dansa oppe i lufta. Alt ved hjelp av fysikk. Det magiske skjer ved elektron overført frå ullhuva til plastrøyret, som når det kjem i kontakt med elektron frå glitteret, skaper ein verknad der elektronane støyter seg bort frå kvarandre. Dermed kan glitter «fly».

Wahl er ein god, varm og humoristisk formidlar. Ved hjelp av små medhjelparar frå salen, viste han det eine trikset etter det andre. Mellom publikum var det nok ei overvekt av barn og ungdom, men også middelaldrande menn: Fedre som tok sine små vonefulle med på showet med ynskje om at dei skulle læra noko. Noko nettopp Wahl sjølv laga eit humoristisk poeng av.

Me trur at mange lærte litt av kvart ved det me såg og det han formidla til oss. I alle fall var showet til stor inspirasjon, vågar me å hevda, både for store og små.

 Andreas Wahl framstod som ein elektrisk trollmann i sitt show. Her får han hjelp av Tuva frå salen. Alle foto: Nils-Tore Sele

LES OGSÅ:Sjå utruleg video frå vulkanutbrot

Tesla
Nicola Tesla, den geniale oppfinnaren fødd i Kroatia, som emigrerte til USA, vart vigd stor merksemd under showet. Wahl er veldig inspirert av Tesla, ein oppfinnar som etter hans syn har hamna urettvist i skuggen av Thomas Alva Edison, som nok var like stort forretningstalent som oppfinnar, etter hans syn.

Vekselstraum fascinerte Tesla i hans arbeid, og Wahl viste fleire eksperiment ved å ta bruk vekselstraum og Teslaspolar.

I det eine eksperimentet sit Wahl oppå eit stativ med beina i vatn i ein vaskestamp av metall. Ein teslaspole som gjev frå seg 500.000 volt med vekselstraum er kopla til balja. Wahl tek ein koparhanske på eine handa, denne skal leia straumen vekk, for teorien er at straumen blir leia på overflata på kleda og ut frå hansken. Og vågestykket verkar, sjølv om han sit der med føtene i vatn.

Andreas Wahl får juleglitter til å fly. Det er ikkje magisk, berre elektrisk og rein fysikk. Alt ved hjelp av elektron som fråstøyter kvarandre.

Lynavleiar
Så kjem me til vågestykket som avslutta tv-programmet sundag kveld. Der Wahl blir ein levande lynavleiar. Det skjer i kulturhuset også. Mot slutten av showet ifører Wahl seg ein metalrustning, med hjelm og visir. Han blir ståande under ein diger teslaspole som heng ned frå taket over scena. Denne skyt ut lyn på rundt 1 million volt. Det smell og gneistrar når lyna treff vernedrakta, men Wahl står der trygt og godt når lynet treff høvesvis i hjelmen, eller nevane, som han løftar opp, fyrst den høgre, etterpå den venstre.

Spektakulære saker, ganske enkelt.

Det er som Wahl sjølv seier det:

– Elektrisitet er mykje meir enn det du har i kontakten heime. Det er lynet som slår ned og splintrar eit tre, det er ballongen som blir hangande på veggen i barnebursdagen, det er dei elektriske impulsane som gjer at hjerna tenkjer og hjarta slår. Alt dette er eit resultat av elektrisitet.

Andreas Wahl får eit fotbad der 500.000 volt med vekselstraum frå ein teslaspole kobla til vasstampen, passerer ut gjennom ein koparhanske.


Andreas Wahl få smaka på kreftene når nær 1 million volt frå ein teslaspole treff metalldressen han har kledd seg i. Foto: Nils-Tore Sele

Teslaspolelyn under framsyninga Elektrisk av og med Andreas Wahl, kjent frå tv. Foto: Nils-Tore Sele

LES SAKA OG SJÅ FLEIRE BILDE I BØMLO-NYTT!

Sjå video frå showet i Arendal:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE