Småeting tar over for måltid – gjer det noko?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire analysar og undersøkingar viser at småeting mellom dei tradisjonelle måltida aukar verda over. Såkalla snaksing, for eksempel i USA, kan ta heilt over for måltid særleg for unge forbrukarar. I rapporten «Snack Attack» i 2014 slo analysebyrået Nielsen fast at særleg marknaden for sunn snacks er stort. To år seinare rapporterte Hartman Group i USA ei dreiing frå store til mindre mellommåltid, frå rein kosemat til sunnare alternativ og frå snop til frukt og grønsaker, sjølv om søtt og usunt framleis er størst. 90 prosent av amerikanarane smået mellom måltida mange gonger kvar dag og 7 prosent av desse igjen åt ikkje tradisjonelle måltid lenger, dei berre «snaksa» seg gjennom dagen.

Matpause

Også i Noreg har utvalet av mat og drikke som mellommåltid auka, og det blir ete meir energi utanom dei store måltida. I Europa er det frukt, yoghurt og grønt som er mest populært å leggje til.

– Det er særleg dei yngre som gjer dette, då desse et meir på farten. Vi ser også ein tendens til at folk faktisk får i seg meir mellom måltida enn kva dei seier og trur at dei gjer. Det kan ha å gjere med kva vi meiner med omgrepet «snaksing». I Noreg knyter vi dette til å ete noko usunt, og ikkje som det er definert: Alt som vert ete eller drukke mellom måltida, eller som ei erstatning for eller i tillegg til eit måltid, seier kommunikasjonsrådgivar Veronika Skagestad i Tine til NTB.

Dermed er det også fort gjort at ein uforvarande får i seg meir enn ein trur. Fruktfatet står framme, vi tar med oss ein caffè latte på vegen og etter trening fyller vi på med ein energibar eller proteindrikk. I undersøkingar fann Tine at folk ikkje tenkte på slikt som mellommåltid. Men sjølv om det ikkje er direkte usunt, er også dette energikjelder.

LES OGSÅ: Finland opnar opp for insekt som mat

Gjer det noko?

Spørsmålet er om småetinga også i Noreg kan overta for måltida. Professor i ernæring ved Folkehelseinstituttet Knut-Inge Klepp tviler på det. Han har derimot merka seg innføringa av mellommåltid, for eksempel at det er blitt vanleg for barn og unge å ete mellom lunsj og middag.

– Ernæringsmessig spelar det ikkje så stor rolle om ein et tre eller seks gonger om dagen. Det viktigaste er at ein planlegg og sikrar at måltida samla sett dekkjer behovet og ikkje gir for mykje energi. Vi ser for eksempel at dei som hoppar over frukosten heime, ofte vel meir usunne alternativ seinare på formiddagen, seier han.

LES OGSÅ: Er mat eit større tabu enn sex?

Mumse mumse

Eitt av funna i Noreg har vore at 1990-talets røykjepausar er erstatta av drikkepausar, der folk drikk sjølv om dei ikkje er tørste og smået utan å vere svoltne. Det er kos, det er sosialt, og velstandsutviklinga gjer at vi har råd til det, viser Norske Spisefakta frå Ipsos frå 2015.

– Ei av dei viktigaste årsakene til at vekta sakte, men sikkert aukar i befolkninga er nettopp denne konstante tilgangen til snacks, som bidrar med ekstra energi utover det vi eigentleg treng. Et ein tre-fire måltid om dagen har dei færraste behov for ekstra snacksmåltid, påpeiker Klepp. (©NPK)