Finland opnar opp for insekt som mat

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jord- og skogsbruksdepartementet opplyser at heile bransjen skal vere omfatta av systemet for næringsmiddeltilsyn for å garantere at det er trygt å ete insekta.

Det finst i dag om lag ti bedrifter i Finland som syslar med oppdrett av insekt, og desse blir no følgde strengare opp.

LES OGSÅ: Insekt på menyen

I Finland er det visstnok ein etterspurnad etter insekt som mat frå konsumentane, ifølgje ei gransking frå Åbo universitet. 70 prosent av finnane er interessert i å ha insekt som mat. Halvparten ville ha kjøpt insekt om det fanst i butikkane.

Men direktør for næringsmiddeltryggleik Sebastian Hielm trur ikkje dette vil ta heilt av. Han peikar på at fiskarane tek opp tonnevis av strömming, men at det meste blir minkfôr.

– Når ikkje strömming duger for finnane, gjer neppe insekt det heller, seier han.

LES OGSÅ: Vil servera nordmenn insekt

LES OGSÅ: Puttar insekt i energibar