Er mat eit større tabu enn sex?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mat er hovudtema under Forskingsdagane 2015. I gåt møttest ein kroppsbileteforskar, ein sosialantropolog og ein forfattar til debatt om mat, kropp og skam på Litteraturhuset.

Spørsmålet er om vi har mista vårt naturlege forhold til mat.

Ingela Lundin Kvalem er førsteamanuensis ved Psykologisk institutt, UiO. Ho har forska på kroppsbilete, kroppsideal, seksualitet og fedme. I dag spør ho om vi har eit samfunn som leier til fedme.

 I vårt vestlege samfunn har vi ein tilgang til mat som vi aldri før har hatt, både i mengde og i variasjon. I tillegg har vi ei teknologisk utvikling som gjer at vi sit meir i ro enn nokon gong.

På toppen av dette er dei sosiale reguleringane av kva tid og kvar ein skal ete i stor grad forsvunnen, fortel Lundin Kvalem.

LES OGSÅ: Supertrendy med safting og sylting

Krever mykje å ikkje ete
Mat har vorte ein synleg del av populærkulturen, i tillegg til at den er veldig tilgjengeleg. Og medan ein før samla seg til måltid på gitte tidspunkt, kjøper vi i dag noko på veg hit og dit. Tidlegare var snop ikkje tillete før middag, men i dag har vi kvardagsgodt framføre laurdagsgodt, meiner forskaren.

  Det krever veldig mykje sjølvkontroll å ikkje ete i dag, og vi har eit miljø som fremjar fedme.

Då Framtida.no ringer henne, leitar Lundin Kvalem etter oppdaterte tal på overvekt i Noreg. Det syner seg vanskeleg å finne, men tala frå USA er til ein viss grad overførbare. Der har mengden overvektige auka lite sidan 80-talet.

LES OGSÅ: Vil servera nordmenn insekt

Samstundes har det blitt om lag dobbelt så mange med fedme, altså ein BMI over 30. 35 prosent av amerikanarane har i dag fedme og særleg har talet på personar med ein BMI på mellom 40 og 50 auka. I Noreg har ein rett på behandling om ein har ein BMI på 40.

  Frå evolusjonens side har vi ikkje kroppar som taklar den situasjonen vi er i, med stor tilgang på mat og lite fysisk aktivitet.

Mathedonisme
Debatten på Litteraturhuset tek føre seg dei problematiske sidene ved mat. Eller som det heiter på nettsidene til UiO: Er mat blitt eit større tabu enn sex?

  Mennesket må ha begge deler for å overleve, men mat tek ganske mykje energi og fokus i dag. Kokkar har vorte kjendisar, vi brukar mykje tid og krefter på å gjere mat til ei oppleving, og det handlar om langt meir enn å bli mett. Samstundes bruker vi mykje energi på å slanke oss, og vinglar mellom ytterpunkta, seier Lundin Kvalem.

LES OGSÅ: Erstattar kebab med vaffel

Denne mathedonismener ikkje anten bra eller dårleg, meiner ho.

  Det er sjølvsagt fantastisk at vi slepp å svelte, men det er eit problem at vi som samfunn har så negative haldningar til overvekt og fedme. Det er fortvilande for dei som slit med vekta når det er utruleg krevjande å kontrollere matinntaket. Når ein først har utvikla fedme er det i tillegg vanskeleg å halde på ein vektreduksjon, fordi kroppen vil prøve å få oss opp i vekt igjen.

Dermed har du både samfunnet og din eigen kropp imot deg.

  Det viktigaste er at ein førebyggjer fedme i utgangspunktet, og særleg at ein forhindrar at born utviklar fedme.

Delte kjensler om matfokus
Forskingsdagane 2015 går av stabelen mellom 16. og 27. september, og nærmar seg mat frå ei rekkje ulike fagfelt.

Sjølv om, eller kanskje fordi, kroppsideal og koppsbilete er hennar tema, har Lundin Kvalem delte kjensler om at Forskingsdagane i år er ein slags matfestival.

  På den eine sida er eg redd vi vert ein del av problemet ved å snakke så mykje om mat, sidan vi aukar fokuset på temaet. Samstundes er det flott at universitetet tek føre seg mat uavhengig av fakultet, og løftar det fram. Og så kan det jo vere at vi vert meir medvitne på kva faktorar som påverkar korleis vi et, seier ho.

LES OGSÅ: Ingen jenter i kokkeklassen