Høge karakterkrav gjer vala vanskelegare

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Draumejobben min er å studere psykologi. Men studiet har eit veldig høgt snitt for å komme inn. Så då eg gav opp den tanken, ville eg finne eit yrke der eg hadde same arbeidsoppgåver, men der det var lågare snitt for å komme inn, seier Rebecca Brenna.

Rebecca brukte mykje tid på research då ho gav opp psykologi grunna det høge snittet for å komme inn. Foto: Beate Haugtrø

Rebecca brukte mykje tid på research då ho gav opp psykologi grunna det høge snittet for å komme inn. Foto: Beate Haugtrø

Ho går siste året på Nannestad vidaregåande, saman med vennene Wilfred Lie og Emilie Erdal. Medan Wilfred er sikker på at han vil bli tv-fotograf og studere på tv-linja på Lillehammer, har Rebecca og Emilie vore meir i tvil om kva dei skal vidare.

Rebecca ønsker å ha ein jobb der ho kan gjere ein forskjell for folk. Valet har stått mellom barnevernspedagogikk, sosialt arbeid og sjukepleiar. Etter mykje fram og tilbake, og «haugevis av tid» med research på nett, landa ho på sosialt arbeid.

Som ferdig utdanna får ein tittelen sosionom, og kan jobbe med å rettleie folk både på sjukehus, i barnevernet, i forskjellige organisasjonar og med psykisk helse.

Emilie Erdal har enno ikkje bestemt seg.

Hjalp å ha ein karrieredag på skolen

– Det er veldig fram og tilbake. Plutseleg vil eg det eine, og plutseleg det andre. Det er vanskeleg fordi eg ikkje har satt meg ordentleg inn i studia, og det er òg vanskeleg å finne ut kva skoler som er best å søke på, seier ho.

Erdal synest det hjalp å ha karrieredag på skolen. Då fann ho ut at ho har litt lyst å studere digital marknadsføring. Ho har òg hatt lyst til å studere til interiørarkitekt.

Emilie Erdal 18) har enno ikkje bestemt seg. Foto: Beate Haugtrø

Emilie Erdal (18) har enno ikkje bestemt seg. Foto: Beate Haugtrø

– Men marknadsføring er meir relevant i forhold til at eg no går mediefag, så eg heller litt mot det, seier ho.

Erdal vurderer òg å ta eit friår først og så begynne å studere året etter.

Viktig å vite at ein har ein jobb

Tenker de fornuft eller interesser når de skal velje?

– Begge deler. Men personleg er eg meir på det med fornuft. Eg vil vere sikker på at eg har ein jobb og at eg kan bruke utdanninga til noko. Men eg vil samtidig at det skal vere gøy, seier Emilie.

Rebecca Brenna er einig. Det er viktig å vite at ein har ein jobb å gå til når ein er ferdig.

– Men eg trur eg ville ha jobba med helse sjølv om det ikkje hadde vore så stor etterspørsel, legg ho til.

Finn mykje informasjon sjølve

Kvar hentar de informasjon?

– Utdanning.no! Kjem det i kor frå alle tre.

– Den nettsida har alt, seriøst! Seier Emilie. Det står kva snitt du treng for dei forskjellige studia, kva fag du treng, det står info om skolane.

– Rågjevarane hentar sjølve informasjon frå utdanning.no, så då er det like greit å finne det sjølv, seier Rebecca.

Ingen av dei tre har henta så veldig mykje råd og informasjon frå andre vaksne. Wilfred har snakka litt med læraren sin, og henta ein del informasjon frå andre som jobbar med det han har lyst til.

– Eg har prata ein del med dei, og sendt litt meldingar rundt om kring og spurt om forskjellige ting. Det har gjort at eg har vorte meir og meir sikker på at skolen er bra, seier han.

Lettare å dra på jobb enn å gå på skole

Kva tenker de om jobbframtida?

– Om det er ein jobb ein liker, og om ein er til nytte, så trur eg jobblivet kan bli veldig fint. Eg gler meg til å gjere noko anna enn å lese i bøker, seier Emilie.

Dei andre er einige.

– Eg synst det er lettare å dra på jobb enn å gå på skolen. På jobb prøver eg å gjere noko for andre og kjenner at eg gjer nytte for meg, seier Rebecca.

Både ho og dei andre er metta på pliktfag og karakterjag, og synst dei har eit stort press på seg no det siste halvåret. Men etterpå ventar altså livet som student. Det ser dei fram til.

Gler seg til å byrje å studere

– Eg gler meg skikkeleg til studentmiljøet, det å studere med folk som liker det samme. Det blir jo sikkert automatisk sånn at ein hamnar med folk som er ganske like seg. Så eg gler meg til å studere og få nye venner. Å komme ut av det vanlege. Det blir jo heilt annleis, seier Emilie.

Både Emilie Erdal, Rebecca Brenna og Wilfred Lie gler seg til å bli ferdig med vidaregåande og å byrje å studere. Foto: Beate Haugtrø

Både Emilie Erdal, Rebecca Brenna og Wilfred Lie gler seg til å bli ferdig med vidaregåande og å byrje å studere. Foto: Beate Haugtrø

Alle tre synst det kan vere greit å studere på ein plass som er så kort unna at dei kan reise heim i helgane. Samstundes som dei har høyrt mykje bra om studiemiljøet i t.d. Trondheim.

Rebecca er heller ikkje så opptatt av å skulle flytte langt av garde for å byrje å studere.

– Nei, eg har jo alle mine her. Men må eg flytte til Alta for å komme inn på det studiet eg vil, så gjer eg jo det, seier ho.

Seinare i februar følger framtida.no med når Emilie, Rebecca og Wilfred skal på studiemesse i Oslo spektrum.

Fakta

Poenggrensa er den lågaste summen som gir tilbod til studieplass. Grensa frå 2017 gir ein indikasjon på kor snittet ligg, men årets grense er avhengig av poengsnittet til dei som søker dette semesteret.

På studium med begrensa antall plassar, er det ofte ei eiga kvote for dei som kjem rett frå vidaregåande.

Profesjonsstudiet i psykologi er ei 6-årig utdanning, som ein kan ta i Bergen, Tromsø, Trondheim og i Oslo. For førstegongssøkarar varierte snittet i fjor frå 54,8-56,6. I Tromsø blir opptaket basert frå karakteren i eit grunnleggande årsstudium i psykologi.

Bachelor i Sosialt arbeid gir tittelen sosionom. Den lågaste poenggrensa er på 29,6, ved UiT.

Kjelde: Utdanning.no