Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rebekka (26) om å ta doktorgrad: – Du får nerda skikkeleg masse

– Det var ein fjern tanke å bli stipendiat, og ikkje noko eg sikta meg inn på. Eg hadde sett for meg ein jobb utanfor akademia, kanskje noko internasjonalt. Men eg var usikker, som dei fleste HF-studentar er, seier Rebekka Åsnes Sagild.

26-åringen frå Førde har tatt to bachelorgradar, ein i kinesisk og ein i statsvitskap, og bygd på med ein mastergrad i kinesisk politikk – alt ved Universitetet i Oslo. Då det vart lyst ut ei stilling som doktorgradsstipendiat knytt til eit prosjekt om det politiske systemet i Kina, kasta Sagild seg over moglegheita.

Det har ho ikkje angra på:

– Eg synest det er kjempekjekt. Du får nerda skikkeleg masse med andre folk som har same interesser som deg, det er kanskje det finaste med det.

– Ein må berre køyra

Sagild fortel at ho har vore interessert i språk frå ung alder, og det første året av vidaregåande tok ho i Frankrike. Men at ho enda med å studera kinesisk, kan ho takka mora si for.

– Eg fekk ho til å setja opp ti alternativ på søknaden min på Samordna opptak, for eg var i Danmark då eg såg fristen gjekk ut. Eg sa at ho skulle setja opp «juss og sånt», ler ho.

Tilbake i Noreg såg Sagild at mora hadde ført opp kinesisk nedst på lista. Til slutt enda Sagild med å omprioritera søknaden slik at kinesisk hamna øvst, og resten er historie.

Noko friår har det ikkje vore snakk om, og sjølv etter meir enn seks år ved universitetet har ho ikkje sakna det.

– Eg har budd to og eit halvt år i Kina og møtt ein masse spennande folk. Det har ikkje vore snakk om å berre sitja på lesesalen på Blindern, seier Sagild.

– Pluss at eg er veldig fan av at ein berre skal køyra på når det er noko ein vil. Ein blir aldri førebudd uansett, så ein må berre køyra.

– Denne helga var eg ikkje på kontoret, men utanom det har eg vore her minst ein dag kvar helg. Då er eg ikkje åleine her, seier stipendiat Rebekka Åsnes Sagild. Foto: Runar B. Mæland

– No jobbar eg frå 7 til 15, sånn at eg kan stå på ski etterpå, seier Rebekka Åsnes Sagild, som set pris på fridomen ho har som stipendiat.

Fridom og krav

Når me møter Sagild på kontoret ho deler med to andre stipendiatar ved Det humanistiske fakultetet på Blindern, held ho på å førebu seg til ein konferanse ved Harvard-universitetet i USA. Der skal ho presentera eit artikkelutkast for andre doktorkandidatar.

– Det var kort frist, så eg måtte skriva 20 sider på 10 dagar. Det var ganske intenst. Men ein legg litt opp til det sjølv, eg hadde ikkje trengt å dra på den konferansen, fortel Sagild.

Nettopp tempoet og presset på å levera meiner ho er den største forskjellen på å vera student og å vera stipendiat. Heldigvis får Sagild god støtte frå rettleiaren, som forskar innan same felt som henne.

– Rettleiaren er veldig flink til å fortelja korleis ting fungerer, og at eg ikkje må leggja for mykje press på meg sjølv. Ein er aldri så viktig som ein sjølv trur.

Verdas beste land

– Vil du tilrå andre å ta doktorgad?

– Ja, viss ein verkeleg har noko ein brenn for. Du må vera førebudd på å jobba intenst med éin ting i tre-fire år. Det kan vera einsamt og slitsamt til tider, og du kjem til å hata det, men så elskar du det igjen dagen etter, seier Sagild, som i tillegg meiner at Noreg er «verdas beste land å ta doktorgrad i».

– Du får løn, du får dra på utveksling, du kan få reisestøtte, og du har eit veldig godt støtteapparat.

– Kva tips vil du gi andre som vurderer å bli stipendiat?

– Snakk med dei som inspirerer deg, typisk professoren din eller nokon andre som jobbar med faget. Dei er ofte veldig hyggjelege og hjelpsame, og har vore i same situasjon som du er, seier Sagild, og legg til:

– Ver aktiv og engasjer deg, samarbeid med andre og få tilbakemelding. Skriv mykje, skriv dårleg og skriv litt betre. Lat som at du er forskar, og «fake it till you make it».

Ikkje som andre jobbar

– Viss eg skulle ha gjort noko annleis med min eigen doktorgrad, så skulle eg gjerne ha brukt mindre tid på å bekymra meg for om det kom til å gå bra. Det finst betre ting å bruka tida si på enn det, seier Silje Bringsrud Fekjær. Foto: OsloMet

– Å vera stipendiat er ikkje som andre jobbar, verken på godt eller vondt, seier Silje Bringsrud Fekjær. Ho er professor i sosiologi ved OsloMet og forfattar av boka Ph.d. – en veiviser.

Fekjær peikar på to ting som krevst for å kunna ta doktorgrad: Gode karakterar, og at ein er driven av nyfikne, «ei vilje til å finna ut ting». I tillegg må ein vera førebudd på den spesielle arbeidssituasjonen stipendiatar flest har:

– Du får større fridom enn i dei fleste andre jobbar, men det er òg nokon utfordringar som følgjer med den fridomen. Du må tenkja ærleg gjennom korleis du vil trivast med å jobba så mykje åleine og å ha så lite struktur i kvardagen.

– Du får eit hint om det når du skriv masteroppgåve. Då merkar du kanskje om den måten å arbeida på er noko for deg, seier Fekjær, som understrekar at arbeidssituasjonen kan vera ulik i ulike fag.

Finn eit miljø

Viss ein veit at ein vil ta doktorgrad, meiner Fekjær det kan vera lurt å orientera seg mot potensielle rettleiarar undervegs i studia. Det er nokon som forskar innanfor eit felt du er interessert i, og som kan hjelpa deg på vegen.

– Det å vera «nokon sin» kan vera viktig i akademia, seier Fekjær.

Når ein søkjer om å bli stipendiat, må ein som regel levera ei prosjektskisse som forklarer kva ein vil skriva om i doktoravhandlinga – om ein då ikkje blir tilsett på eit eksisterande prosjekt. Saman med karakterar og fagleg profil er skissa det viktigaste ein blir vurdert på.

Også om ein skal utforma sitt eige prosjekt, meiner Silje Bringsrud Fekjær det er lurt å sikta seg mot noko som fleire i fagmiljøet er interessert i. Då sikrar ein seg eit større nettverk og meir støtte undervegs i arbeidet med doktorgraden.

– I staden for å berre tenkja på kva du vil skriva om, kan ein orientera seg etter kor det finst gode forskingsmiljø innan ditt fag, og spørja kva du kan gjera innanfor det miljøet. Ofte er det andre som er betre på å finna gode problemstillingar enn du er sjølv, meiner Fekjær.

Fakta

  • Doktorgrad eller ph.d. (philosophiae doctor) er ein akademisk grad som kvalifiserer for ei forskarkarriere.
  • Nesten 10.000 held på å ta ein doktorgrad i Noreg, ifølgje NIFU.
  • Dei fleste av dei er tilsette som stipendiat ved eit universitet eller ein høgskule, og følgjer eit tre- eller fireårig phd-program.
  • Seks av ti som tar doktorgrad seier at dei vil bli forskar etter doktorgraden.
  • Delen masterstudentar som kan tenkja seg ei forskarkarriere fall frå 46 prosent i 2014 til 38 prosent i 2017 (Khrono).