Spørjeundersøkinga er utført av Sentio research på oppdrag for Nationen. Den viser at 72 prosent av befolkninga ikkje har planar om å redusere kjøttforbruket, mens 3 prosent svarer «vet ikke». Kvinner er dei mest ivrige på å ete mindre kjøtt, der 29 prosent svarer ja, mens berre 21 prosent av menn svarer det same.
I ei liknande undersøking i fjor, svarte 23 prosent at dei ville kutte i forbruket av raudt kjøtt i 2016. Det er usikkert kor mange som gjennomførte.
Dei siste tiåra har kjøttforbruket i Noreg auka jamt. I 1955 åt kvar nordmann i snitt 33,3 kilo kjøtt, mens tala for 2015 var på 71,4 kilo. Helsedirektoratet tilrår maksimalt å ete 500 gram raudt eller omarbeidd kjøtt i veka.