Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 25.01.2018 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jorda er kjelda til mat, jorda er fritid, jorda er jobb. Til ei kvar tid har jorda vår vore utgangspunktet for territorielle krigar og konfliktar, men også sal og velstand og føde.

Kven eig jorda i 2018? Det ønskte Hilde Lysengen Havro og Astrid Sverresdotter Dypvik å undersøke, og har vore redaktørar for den nye boka Kven eig jorda (2018).

Trygg investering

Fleire av bidragsytarane i boka, inkludert Havro og Dypvik, er journalistar i Nationen, næringsavisa til distrikta. Dei har såleis lang erfaring med djupdykk i problemstillingar rundt matproduksjon.

– Vi meiner mat er viktig, og ønskte derfor å skrive om kven som tar avgjerdene over korleis mat blir produsert. Mat er ei vare som vi alltid vil trenge. Etter finanskrisa i 2008 investerte dei store investorane i matjord, fordi det er ei trygg investering. Mat blir viktigare, vi må produsere meir, og då blir eigarforholdet og matperspektivet sentralt, seier Dypvik.

– Treng vi verkeleg å auke produksjonen? Det er vel heller fordelinga som er for dårleg?

– Verdsbefolkinga aukar kraftig, så vi er nøydde til å auke matproduksjonen for å kunne mette alle. Omgrepet mattryggleik dreier seg om at folket må ha tilgang til mat – land må vere trygge på å kunne ernære eiga befolking. No ser vi visse globale fellestrekk der jorda blir eit spekulasjonsobjekt, og mykje av maten blir ikkje distribuert godt nok.

Kornåker i Romania. Foto: Siri Juell Rasmussen

Landgrabbing av matjord

Eit døme på det er i Etiopia. Der leigar større investeringsselskap matjord og eksporterer så maten til kjøpesterke kundar i Kina. Samstundes slit Etiopia med tørke og matmangel som andre land gir dei naudhjelp for å handtere.

– Så kven eig jorda?

– Det varierer – i Noreg er jorda eigd for det meste av små aktørar. I Romania må mange småbønder leige ut jorda til større selskap, som kjøper opp og dannar industriell matproduksjon. Mange kallar det landgrabbing, seier Dypvik, og forklarer:

– Styresmaktene i Romania har ført ein politikk der ein legg til rette for utanlandsk eigarskap og prisauke. EU har kravd at fleire austeuropeiske land skal liberalisere lovverket for sal av jord til utanlandske aktørar. Det aukar prispresset på jorda.

Utviklingstrekk

Land er forskjellige. Men visse felles utviklingstrekk ser forfattarane. Gardsbruk blir større, meir kapitalsterke eigarar kjem inn. Kvifor er det eit problem?

– I Romania blir det eit problem for dei rumenske småbøndene, for dei har ikkje grunnlag for å konkurrere på pris. Derfor stig prisen på jorda. Dette hindrar dei å vekse, og borgarane får ikkje tilgang på eiga jord. I tillegg er mange usamde i at utlendingar skal eige rumensk jord, dei meiner det skal vere nasjonalt eigd, seier Dypvik.

I Skottland har det utvikla seg eit eigarskapssystem der 432 eigarar står for heile jorda. Jaktterreng, fiske og fri ferdsel er derfor ikkje ope for alle.

– Allemannsretten står sterkt i land som Noreg. Vi har også eit fordelt eigarskap, men norske eigarar bidrar sjølv til å investere i matjord i andre land.

Menn bestemmer

Eit anna problem med eigarskapet er at dei fleste er menn. Ei doktoravhandling frå november 2017, skrive av Aase Kristine Lundberg, syner at menn bestemmer over norsk natur. Rundt forhandlingsspørsmål om regnskog og klima i verda er kvinner og kvinnelege småbønder lite representerte.

– Ein del kjønnsstrukturar heng attende frå då kvinner ikkje hadde odelsrett. Eg trur at om nokre år vil ein sjå andre strukturar, seier Havro.

Matjord er ikkje tilgjengeleg for dei fleste i Skottland.

Kincardine Estate, Skottland. Mesteparten av jorda i Skottland er eigd av private, noko som stenger for allmenn bruk. Foto: Siri Juell Rasmussen

Vanskelegare å dyrke

Som med andre maktstrukturar blir somme forfordelt og andre får ei ulempe. Kampen om maten vil bli stadig viktigare, ifølgje Havro og Dypvik. Særleg med auka klimaendringar. Det vil bli tørrare på tørre stadar og våtare der det er mykje nedbør frå før. Det vil gjere det vanskelegare å dyrke mat.

– Kun tre prosent av norsk jord går det an å dyrke mat på. Mat blir kjøpt på ein fri marknad der tilbod og etterspurnad er rådande.

– Kvifor kan ikkje statane gjere meir politisk for ei betre fordeling? For eksempel at vi importerer mindre mat til norske husdyr som skal bli kjøt, og i staden let denne maten gå til menneske?

– Vi kunne ha ete mindre kjøt, men alle kan ikkje vere vegetarianarar. Noreg har stort utmarksareal som kyr og sauer kan nytte seg av, og menneske kan jo ikkje ete gras. Difor er det ikkje berekraftig å seinke kjøtproduksjonen i Noreg til fordel for import.

Global usemje

Havro fortel at FAO, FNs mat- og landbruksorganisasjon, har som mål at alle land skal produsere meir mat fram mot 2050, og at dette står i strid med WTOs mål om liberalisering.

– Det er ei global, indre usemje, seier ho.

– Vil storskalaproduksjon frå utanlandske investorar kunne føre til mindre omsorg for jorda?

– Det spørst om jorda er leigd på kort eller lengre sikt. Det finst regelverk for korleis ein skal behandle jorda som er nasjonalt bestemt, det gjeld alle, seier Dypvik.