Økologisk mat kan gje nok til alle i verda

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane bak studien har undersøkt dei ulike scenaria ved hjelp av ein omfattande modell frå FN.

Forskarane fann ut at eit 100 prosent økologisk landbruk kan brødfø ni milliardar menneske på ein berekraftig måte, viss vi reduserer kjøttproduksjon og matsvinn.

Kjøttproduksjon er ein stor miljøsyndar fordi det krev store areal å dyrka fôr.

– Hovudbodskapen i studien er at vi ikkje må sjå berre på produksjonen av enkelte avlingar, men på heile systemet, seier Christian Schader, ein av forskarane bak studien, til videnskab.dk.

Norsk strategi

Regjeringa skal utarbeide ein strategi for økologisk jordbruk, melde Landbruks- og matdepartementet i dag. Strategien skal bidra til vidareutvikling av økologisk produksjon og forbruk, og dei ønskjer innspel frå aktørar innan økologisk jordbruk i arbeidet med strategien.

Økologisk gard i Florida, USA. Foto: c.c.carnevale/Flickr/CC-lisens.

Strategien tek utgangspunkt i at økologisk produksjon bidrar til å gi forbrukarane produkt dei ønskjer i tillegg til eit auka matmangfald.

Andre kjelder: “Sustainability and Organic Livestock Model” (SOL-modellen).

Fakta: Økologisk landbruk

Forskarane har teke høgd for ei lang rekkje faktorar som påverkar både den samla matvareforsyninga og klimaet, i staden for berre å sjå på, til dømes, primærproduksjonen, som er sjølve dyrkinga av landjorda. Forskarane har brukt eit datasett som omfattar 180 typar avlingar og 22 husdyr i 192 land.

Nokre av variablane som vart undersøkt, er:

  • Produktivitet: Kor mye mat som kan produserast under bestemde tilhøve, og kor mye landareal det tek opp
  • Etterspurnad: Kor mye mat det er behov for å produsera per land
  • «Matbalanse»: Den skilnaden det eventuelt er mellom tilbod og etterspurnad.
  • Arealforbruk
  • Utslepp av drivhusgassar
  • Bruk av plantevernmiddel
  • Vassforbruk
  • Biologisk mangfald