Rekordmange elevar får lærlingplass
I 2017 fekk 72 prosent av søkjarane lærlingplass i norske bedrifter, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Det er ny rekord.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekordmange elevar får lærlingplass
Målingane til Utdanningsdirektoratet starta i 2011, men aldri før har så mange elevar fått lærlingplass som i 2017, melder NRK. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opplyser at regjeringa har gjort fleire tiltak for å styrke satsinga på lærlingplassar.
Til saman fekk nesten 21.000 elevar lærlingplass i fjor.
– I førre regjeringsperiode auka vi lærlingtilskotet og vi sette krav om å ha lærlingar i prosjekta for å vinne anbod. Mange har også jobba veldig for å få med kommunane, fylka og bedriftene for å skaffe fleire lærlingplassar, seier Isaksen.
Han trekkjer også fram innføringa av ny merkeordning for lærlingbedrifter, som vil seie at bedriftene får eit merke som seier dei er ei lærlingbedrift.
– Vi kjem til å fortsette med det vi ser fungerer no, og ha eit høgt lærlingtilskot, ha merkeordningar og stille krav til bedriftene, seier han.