– Me er heldige og veit kva me vil bli, seier desse elevane som prøvde seg som gravemaskinførarar på yrkesmessa i Hallingdal.
Tone Merete Tho / Hallingdølen
Tone Merete Tho / Hallingdølen

Saka er henta med velvilje frå Hallingdølen.

Ved gravemaskinsimulatoren er køen lang. Jonas Haugen sit ved spakane og har full kontroll. Dette har han gjort mange gonger før.

– Dette er topp, tykkjer han. Klassekameraten frå Geilo, Henrik Dybsjord, følgjer med frå sida og det same gjer nesningen Anders Warlo Totland.

– Eg vil gjerne ha gravemaskin som jobb, eg søkjer Tip på Ål neste år, fortel Jonas. Det same skal dei to andre.

– Det blir Tip fyrst og så anleggsmaskinførarfaget, fortel Anders Warlo Totland. Dei tre har brukt mykje tid på nettopp denne standen i dag.

– Eg har sett på andre ting også, men dette var best, seier Anders.

Dei tre visste kva dei vil bli lenge før dei kom til yrkesmessa i dag, men slik er det ikkje for alle.

– Eg tykkjer synd på dei som ikkje veit kva dei vil bli. Som berre må begynne på studespesialisering for å prøve å finne ut kva dei vil, seier Anders.

Les meir på hallingdolen.no

Oppdatert: onsdag 10. januar 2018 12.02

Kommentarar

ANNONSE