Over 5500 verksemder har svart på kompetansebarometeret.
Runar Bjørkvik Mæland

For fjerde år på rad har medlemsbedriftene i NHO blitt spurte om kva slags kompetanse dei ser føre seg at dei treng i tida framover. Resultata er ikkje oppmuntrande lesnad for dei som har utdanna seg innan humanistiske og estetiske fag som historie, filosofi eller litteratur.

Fattige fire prosent av verksemdene seier at dei treng folk med slik kompetanse dei neste fem åra. Berre éin prosent seier at dei treng humanistar i stor grad.

I motsett ende av skalaen er det særleg tre ting mange bedrifter seier at dei treng: Rundt halvparten ser etter folk med kompetanse innan handverksfag eller ingeniørfag. Éin av tre treng folk som har greie på samfunnsfag, juss, økonomi og administrasjon.

– Etterspurnaden etter fagarbeidarar og teknologar er framleis stor blant medlemsbedriftene i NHO. Fleire må få kunnskap om alle moglegheitene yrkesfag gir, og me treng eit teknologiløft i heile utdanningssystemet, seier NHO-direktør Kristin Skogen Lund i ei pressemelding.

Denne kompetansen har medlemsbedriftene i NHO behov for. Frå NHO sitt kompetansebarometer.

Over halvparten av verksemdene, 6 av 10, oppgir at dei har eit udekka kompetansebehov. Det vil seia at dei ikkje har den kompetansen dei treng per i dag. Dette er ein auke på 7 prosent frå i fjor.

Oppdatert: tysdag 29. august 2017 11.49

LES OGSÅ

ANNONSE