Støttar anke i klimasøksmålet mot staten
Landsmøtet til Natur og Ungdom oppmodar leiinga til å halda fram arbeidet med klimasøksmålet mot staten, og får støtte frå jussprofessor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter at dommen i klimarettssaka kom frå tingretten torsdag, har Natur og Ungdom og Greenpeace ein ankefrist på fire veker. I dag sende landsmøtet til Natur og Ungdom støtte til å anka saka vidare.
– Eit samla vedtak oppfordrar no sentralstyret til å halda fram arbeidet med klimasøksmålet og gir støtte til ein anke, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
Skal gå gjennom dommen
Landsmøtet er overtydd om at 23. konsesjonsrunde bryt våre grunnlovsfesta rettar til eit leveleg miljø. Den endelege avgjerda om anke vil fattast i løpet av dei neste vekene.
– Sjølvsagt ønskjer me å ta saka vidare. Når me har gått endå meir nøye gjennom dommen vil me bestemma oss endeleg. No har landsmøtet gjeve oss eit klårt mandat. Det er ei viktig stadfesting om at landsmøtet meiner søksmålet er rett for organisasjonen, og at kampen for at olja må liggja i Arktis blir ei viktig sak for Natur og Ungdom òg i 2018, seier Skjoldvær.
DEBATT: Natur og Ungdom: Derfor saksøker me staten
Ikkje imponert over klimadommen
Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde meiner dommen tvingar fram ein anke.
– Etter 49 sider slår domstolen fast at han enno ikkje har avklart spørsmåla, men overlèt det til Høgsterett, seier han i eit intervju med nettstaden energiogklima.no.
Han meiner miljøorganisasjonane vunne ein viktig siger: Retten slår fast at Grunnlovens paragraf 112 verkeleg kan brukast til å prøve lovar og forvaltningsvedtak.
– Det er ei fundamental avgjerd som får konsekvensar for framtida uansett. Det betyr at ein må leggja opp prosessar knytt til miljørett og miljølovgjeving på ein slik måte at det toler prøving i domstolane, understrekar Sunde.
Les diktet om dommen i klimasøksmålet som Karoline Hasle Einang har skrive!
Fakta: Klimasøksmålet
Hausten 2016 saksøkte Natur og ungdom, Greenpace og Besteforeldrenes klimaaksjon regjeringa for utdelinga av nye oljelisensar i Barentshavet. Saksøkarane meiner lisensane strir mot miljøparagrafen i Grunnlova.
Torsdag klokka 15 fall dommen, og organisasjonane tapte saka. Dei må dermed betala sakskostnadene på 580.000 kroner til Olje- og energidepartementet.