I veg mot høgsterett

Karoline Hasle Einang
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Heldige er vi her i nord,
har alltid maten på vårt bord
Olja gjer oss god og mett,
vi pumpar ho opp i eit sett

bruken er kanskje spreidd over det store kart
men det er vårt samvit som blir svart
For på olja tjener vi gode pengar
når den naturen globalt vrengar

Medan menneskje snart utan hus står,
nye felt oljeselskapa får
Klimaflukt gir inga rettigheit,
enda vi alle synest det er ganske leit

Fordrivne av vind og vêr,
dei slepp i alle fall ikkje inn her
Tap av levegrunnlag er da inga sak
uansett kva som er årsakane bak

At gamle, grå skal sitte å avgjere
korleis denne jorda vår skal vere
At dei unges kamp blir oversett
det er da ikkje rett

 

LES OGSÅ: Natur og Ungdom tapte historisk klimarettssak