Røyking på fest er livsfarleg
Driv du med røyking på fest har du 38 prosent høgare risiko for å døy i løpet av 15 år, samanlikna med dei som aldri røyker, viser ny norsk studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Festrøykjarane er yngre og meir velutdanna enn dei som er daglegrøykjarar. Det verkar som om dei ikkje skjønar at røyking kan ha svært alvorlege helsemessige konsekvensar, seier Maja-Lisa Løchen, professor i førebyggjande medisin ved UiT, Noregs arktiske universitet til Dagens Medisin.
I studien som er publisert i BMJ Open har ho og kollegaene hennar samla inn opplysningar om røykevanane til 4.020 kvinner og 3.033 menn i alderen 30 til 89 år. Dataa vart samla inn i 2001, og i 2015 såg ein på døyingstala for desse personane.
– Etter at vi hadde justert for andre faktorar, fann vi at av-og-til-røyking auka risikoen for å døy med 38 prosent etter 15 år, samanlikna med dei som aldri hadde røykt, seier Løchen.
- LES OGSÅ: Røykinga halvert på ti år
Den vanlegaste dødsårsaka var kreft, med hjarte- og karsjukdom som nummer to.
– Vi ser at det er verre å røyke ein gong iblant enn å vere ein eks-røykjar. Eks-røykjarane hadde 18 prosent høgare risiko for død etter 15 år, påpeikar ho.
Daglegrøykjarane hadde derimot over dobbelt så høg risiko for død etter 15 år som ikkje-røykjarane.
- LES OGSÅ: Fleire døyr av røyking på verdsbasis