Fleire døyr av røyk på verdsbasis

Framtida
Publisert
Oppdatert 05.01.2018 14:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På grunn av befolkningsveksten er det fleire røykjarar og fleire som døyr av å røykje i dag enn i 1990, sjølv om det har blitt mindre populært i mange land.

I 2015 døydde 6,4 millionar menneske av røykjerelaterte årsaker. Det vil seie at kvart tiande dødsfall var knytt til røyk.

Berre høgt blodtrykk er ein større risiko for liv og helse i verda i dag.

Tala vart presentert torsdag i det medisinske tidsskriftet Lancet og er henta frå rapporten Global Burden of Diseases, ei samanstilling av materiale frå fleire hundre forskarar.

Talet stig, delen minkar
Samtidig som det er fleire menneske som røykjer totalt sett, er likevel delen røykjarar sett i forhold til befolkninga blitt mykje lågare.

I 1990 røykte éin av tre menn og éin av tolv kvinner dagleg, ifølgje rapporten. I 2015 hadde delen minka til éin av fire menn og éin av 20 kvinner.

I same periode gjekk likevel talet på røykjerelaterte dødsfall opp med 4,7 prosent som følgje av befolkningsveksten. Det totale talet på røykjarar steig samtidig frå 870 til 930 millionar, noko som er ein auke på 7 prosent.

– Aggressive selskap
Forskarane fryktar at talet på røykjerelaterte dødsfall kjem til å fortsette å auke som følgje av det dei meiner er aggressive marknadsføring frå tobakksprodusentane retta mot nye marknader i utviklingsland. Verdshelseorganisasjonen (WHO) har tidlegare anslått at talet på røykjarar i Afrika sør for Sahara vil auke med 50 prosent i perioden 2010 til 2025.

Rapporten i The Lancet trekkjer fram at antirøykekampanjar verda over har vore retta mot forbrukarar og styresmakter, men at hovudansvaret for dødsfalla ligg hos ei handfull multinasjonale selskap med base i rike land.

Brasil best
Det landet som har hatt den største nedgangen i delen røykjarar, er Brasil, mens det i Indonesia, Bangladesh og Filippinane ikkje er noka endring frå 1990 til 2015.

Halvparten av røykjedødsfalla er registrerte i fire land: Kina, India, USA og Russland. Dei fire landa pluss Tyskland, Indonesia, Bangladesh, Filippinane, Japan og Brasil står for to tredelar av tobakksforbruket i verda.