Røykinga halvert på ti år

Framtida
Publisert
Oppdatert 05.01.2018 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2011 har kvar tiande røykjar klart å gi opp uvanen, viser nye tal.

– Mens 19 prosent røykte i 2010, var det berre 17 prosent i fjor. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det betyr altså at det no er 80.000 færre som røykjer, seier ein nøgd helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) til NTB.

I 2001 var delen daglegrøykjarar så høg som 30 prosent.

Kampen held fram
Men det er framleis 700.000 som tenner seg ein røyk kvar dag, og statsråden har ikkje tenkt å gi seg i kampen mot tobakken.

– I utgangspunktet har vi nådd målet om å komme under 20 prosent, men på sikt ønskjer vi jo å komme ned på null og få eit røykfritt samfunn, forklarer ho.

Strøm-Erichsen får skryt frå Kreftforeningen for innsatsen mot tobakken.

– Det er fint at regjeringa og helseministeren har ambisjonar om å kjempe mot tobakken, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.

Ho trur endar fleire nordmenn vil slutte å røykje om innsatsen held fram i 2012.

Snuser meir
Sjølv om røykjetala er dalande, synest Ap-statsråden det er eit skår i gleda at snusbruken aukar.

– Der har delen daglegbrukarar auka frå 7 til 8 prosent, og auken er størst blant unge kvinner, seier Strøm-Erichsen og peiker på at snusinga verkar meir allment akseptert enn for nokre år sidan.

– Og sjølv om det å snuse er mindre farleg enn å røykje, er det framleis farleg, legg ho til.

Også her får helseministeren støtte frå Ryel og Kreftforeningen.

– Derfor er det viktig at forslaget til endringar i tobakksskadeloven også inneheld tiltak mot snusbruk. Snus må også bli ein del av den nye tobakksstrategien til regjeringa.

Ny strategi kjem
Dei siste tiltaka mot røyk har vore å merkje røykpakkene med åtvaringsbilete og å skjule tobakken i butikkane.

– Vi arbeider med ein ny strategi og nye mål for åra framover, men dette arbeidet er ikkje klart enno, fortel Strøm-Erichsen. Eitt av tiltaka som alt har vore diskutert, er eit løyve for å selje tobakk. Dette skal mellom anna gjere det vanskelegare for mindreårige å få tak i tobakk.

– Vi veit at dei fleste under 18 som røykjer, får kjøpt tobakken sin sjølv, trass i aldersgrensa. I aldersgruppa 16– 24 år er det framleis 11 prosent som røykjer dagleg, opplyser Strøm-Erichsen. I 2010 var talet 12 prosent.

Dei viktigaste måla for helseministeren er at skolane blir røykfrie, og at unge lærer om den store helsefaren ved å røykje.

– Både i Noreg og i andre land er røyk og tobakk den viktigaste årsaka til at folk døyr for tidleg. (©NPK)

Kva meiner du skal til for at fleire skal slutte å røykje?