No kan alle fylka søke om å få eit mobbeombod

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Helst skulle eg sett at jobben min var overflødig. Men det er eit behov der ute. Mange kjenner seg utanfor, opplever at dei ikkje har nokon å vere saman med, og nokre blir kalla vonde ting kvar einaste dag.

Dette er døme på saker der foreldre eller born kontaktar mobbeombod Bodil Jenssen Houg for å få hjelp. Ho er der for borna heilt frå barnehage og opp til vidaregåande og lærlingetid.

– Ein må tenke einskapleg. Eit mobbeombod er ikkje berre for elevar på vidaregåande, og det gjeld å vere tidleg ute, seier Houg.

Heilt sidan 2013 har ho vore mobbeombod i Buskerud. Som mobbeombod reiser ho mykje rundt for å hjelpe born og vaksne som treng hjelp i vanskelege situasjonar. Ho lærar rektorar og lærarar korleis dei skal jobbe førebyggjande og korleis dei skal handtere ei mobbesak. Og ho samarbeidar med og held føredrag for politi, helseføretak og barneombod.

Mange opplever å bli stengt ute

Houg seier at mange elevar opplever å bli stengt ute, anten av enkeltelevar, eller frå grupper. Og det gjeld både jenter og gutar. Ofte er det foreldra som tek kontakt når dei merkar at borna deira ikkje har det bra på skolen. Dei som kontaktar henne kan oppleve at dei ikkje blir teke på alvor av skolen, eller veit ikkje korleis dei skal seie i frå.

– Det er sårt og vanskeleg for dei som tek kontakt. Eg bidreg med å fortelje kva dei kan skrive og kven dei kan ta kontakt med.

Ofte ordnar det seg, men i andre tilfelle får dei ikkje hjelpa dei treng frå skolen. Då hjelper ho dei med å klage til fylkesmannen.

Jobbar mykje med sosiale media

Ein annan ting Houg brukar mykje tid på er å lære bort nettvett. Borna har ein digital vennekrets, og det er viktig å lære kva som er greit å legge ut og ikkje. Det må òg øvast på. Ho har blant anna laga ein skole for foreldre der dei diskuterer korleis dei skal sette grenser og vere gode rollemodellar når det gjeld å handtere sosiale media.

Ho legg òg merke til at å ha mange vener på internett ikkje blir det same som å ha vener ansikt til ansikt.

– Mange er einsame sjølv om dei er saman med andre på internett heile tida. Ein kan spørje seg om dei treng øving i å vere sosiale ansikt til ansikt, seier ho.

– Korleis bli vener når ein har vore uvener og korleis seie ifrå dersom det var noko som vart sagt som ikkje kjentest greit. Det er vanskeleg å sette grenser for seg sjølv, seier Houg.

Alle fylka kan søke om mobbeombod

Fram til no finst det mobbeombod i Hordaland, Troms, Rogaland og Østfold fylkeskommune og Oslo kommune.

No har regjeringa bestemt at alle fylka skal kunne søke om å få eit mobbeombod. Houg meiner det er viktig kva for måte desse omboda skal jobbe på, og kva bakgrunn dei har.

– Eg har lite tru på eit ombod som sit på kontoret og ventar på at folk tek kontakt. Om ein skal vere der for borna må ein reise rundt og møte både ungane og lærarane der dei er, på skolane.

Ho synst òg det er heilt avgjerande at eit ombod har fagleg kunnskap. Sjølv har ho erfaring som rektor, og har skrive ei masteroppgåve som handlar om korleis skoleleiinga kan påverke mobbing i skolen.