Dei mektige husnormene
Valfridom er ein viktig premiss i norsk rettskriving. Men det er interne reglar og private husnormer som styrer utviklinga av norsk språk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg synest at dei som tviheld på ei veldig streng språknorm i ein digital tidsalder, misser noko. Dette trur eg difor ikkje mange reagerer på. Dei reaksjonane eg har fått, har vore positive.
I år braut redaktør Gard Steiro det seigliva nynorskforbodet i Verdens Gang. Han opna opp for bruk av nynorsk på redaksjonell plass, og vart i haust heidra med både éin og to prisar for det.
– Avgjerda er teken, og den står eg ved. Eg treng ikkje ein pris for å halda fast på det. Dette var ei viktig avgjerd for VG, og vi kjem til å halda fram med den same linja vi har i dag, sa Steiro.
Det er mange måtar å skriva rett på. Valfridomen er stor i norsk rettskriving. I nynorsken er dette ein del av det ideologiske grunnlaget: Nynorsken er basert på eit mangfald av dialektar, og valfridomen gjer det mogleg å skriva noko som liknar talemålet. Difor vil eit kvart forsøk på å gjera mangfaldet mindre bli møtt med krasse reaksjonar. Dels frå dei som mister skrivemåtar som dei er vane med, dels frå dei som meiner at nynorsk utan valfridom er ei sjølvmotseiing.
Det er likevel ikkje alltid ein kan skriva som ein sjølv vil. Skal fleire skriva på same tekst, er det greitt at alle veit om det er –e eller –a-infintiv som skal nyttast. Skal tekstane stå i ein samanheng, kan det også vera praktisk å vita om det vi eller me som blir nytta i dei andre tekstane. Stundom kan bodskapen vera viktigare enn ordvala, og det kan vera fint å ha ei rettesnor for ord og seiemåtar som ein skal unngå. Grunnane kan vera mange. Det er då ein etablerer ei eiga norm, ei såkalla husnorm.
– Me har ei bokmålsnorm med vedtekne former, fortel Mari Skurdal, redaksjonssjef i Klassekampen.
– Det gjer arbeidet lettare for desken og kan også vera nyttig for journalistane sjølve. Det er ikkje alle som er like trygge og heller ikkje like opptekne av å ha ei eiga form. Med nynorsk har vi vore meir opne. Årsaka er at historisk sett har fleire av nynorskjournalistane våre vore svært språkmedvitne og opptekne av å halda på si form. Difor lèt me det meste stå, så lenge det er rett nynorsk. Det er difor valfritt om dei skal skriva «me» eller «vi», fortel Skurdal.
LES OGSÅ: Inga nynorsk-bølgje i Oslo-avisene
Valfridom
Det er det også for journalistane i Dag og Tid. Her går valfridom lenger.
– Me har mange skribentar som er opptekne av kva som er god nynorsk, og dei skal få lov til å skriva slik dei meiner nynorsken skal vera – innanfor norma, seier Svein Gjerdåker, redaktør i Dag og Tid.
– Vi fylgjer heller ikkje norma heilt til punkt og prikke. Nokre få ord som ikkje står i den nye ordboka, lèt vi passera – som til dømes «sjølvaste» og «daning» med ein n for dei som ynskjer det. Me som redaksjon skal vera språkleg rause og liberale, og me skal ikkje fortelja folk korleis dei skal skriva innanfor den vedtekne norma. Det er klart at det ville vore enklare for oss om alle skreiv heilt likt, ikkje minst for desken og korrekturlesaren. Men me må kunna halda orden og ha kunnskap nok til å takla alle dei ulike variantane, seier Gjerdåker.
Han seier at han godt kunne ha levd med ei strammare norm, men ikkje no.
– Personleg ser eg klare føremoner ved ei stram norm, til dømes for skuleelevar og for bokmålsfolk som skal skriva nynorsk. All valfridomen er krevjande. I tillegg er nynorsk krevjande i seg sjølv for dei som ikkje nyttar språket dagleg. Men lang røynsle i Dag og Tid har overtydd meg om at det er vanskeleg å få til. Så når me fyrst har denne vide norma, må det vera fritt fram å nytta mangfaldet i ho.
Hans meiner at husnormene ofte er laga av nokre få personar som slumpar til å sitja med den makta, og at det då blir deira personlege haldningar som kjem til uttrykk.
– Då ryk kanskje «fyrst», og «først» vert det einaste som er lov. Eller «lys» og ikkje «ljos» – eit vakkert nynorskord. Mi kjensle er dessutan at slike husnormer ofte legg seg opp til den friksjonsfrie nynorsken – altså den meir bokmålsnære nynorsken – der ein nyttar «erfaring» og ikkje «røynsle», «ekspropriering» og ikkje «oreigning». Det er dumt. Eit mangfald er betre, seier Gjerdåker.
Men Dag og Tid skil seg ut.
LES OGSÅ: Språkleg utvatning
Nynorsk i artiklar om distriktet
Språkrettleiaren i Bergens Tidende seier at nynorsken skal leva i avisa, og at ho skal vera språkleg liberal. Men ein stad går grensa: «Brukere av begge målformer må likevel føle en forpliktelse til å unngå situasjoner der den valgte målformen kolliderer med innholdet i det man skriver. Det skal være regelen at saker knyttet til byens tradisjoner og historie skrives på bokmål, mens tilsvarende saker fra distriktet skrives på nynorsk.» Bergen er seg sjølv lik. Men stundom er grunngjevinga verre å forstå.
For nokre år sidan var Dagsavisen invitert til ein paneldebatt om nynorsk i media. Dåverande redaktør Kjell-Erik Kallset var usikker på kva reglar dei eigentleg hadde i avisa. Cathrine Sandnes hadde vore kulturredaktør nokre år, og hadde opna opp for nynorsk på kultursidene. Kallset tok difor spørsmålet opp på eit leiarmøte i avisa. Der vart konklusjonen at det Sandnes hadde sagt var greitt, ikkje var greitt likevel. Så no skulle det vera slutt på nynorsk på redaksjonell plass, det skulle berre vera lov i kommentarstoff, og t.d. i Roald Helgheim si faste side om jazz. Leiargruppa i Dagsavisen rekna med at lesarane ville takla nynorsk berre om det ikkje vart for mykje av det.
Elle-redaktør Signy Fardal var på same møte. Ho var også usikker på kva reglar som motemagasinet hadde. Men etter ei rask vurdering konkluderte ho med at det ikkje fanst grunner for at det ikkje skulle vera lov å skriva nynorsk i bladet hennar. Og det kom det fleire døme på i åra som følgde.
LES OGSÅ: Vil ha vekk skole i skulebøkene
Målpolitiske grunnar
Difor er det ikkje berre praktiske grunnar for å ha ei husnorm. Bak eit litt diffust argument om at ein ynskjer å ha eit einskapleg uttrykk, kan det liggja kraftige målpolitiske grunnar. Husreglane i Aftenposten er alle husnormer si mor. Få private skrivereglar har sett like store spor etter seg. Under krigen var det lov å skriva «heim» og «snø» i avisa. Men då striden om samnorsk blussa opp, heiste Aftenposten riksmålsfana, og dei tok i bruk Riksmålsordlisten som vart normert av Det Norske Akademi. Fana vart heist så høgt at det fyrst langt ut på 90-talet vart slutt på å bruka «sprog» og «efter». Etter ein periode med mindre klåre reglar, og det dei sjølve kalla «moderat bokmål», vart det i 2006 igjen stramma inn. Journalist Ole Nygaard og riksmålsmann Tor Guttu laga då Aftenpostens rettskrivningsordliste, som Kunnskapsforlaget enda opp med å gje ut som oppslagsverk.
I samband med lanseringa sa journalist Nygaard at «Aftenpostens prinsipper ligner på dem man følger i andre land. Også Sverige, Frankrike, Tyskland har dialekter som knapt er forståelige for folk fra andre landsdeler, men skriftspråket er homogent. Valgfrihet er vanskelig å håndtere og det blir mye rart språk av det.» Han tok seinare til orde for alle avisene burde einast om ei sams norm. Innlegget opna med brannfakkelen «Det har ingen hensikt å ta opp pressens og andre store språkbrukeres normeringsproblemer med Språkrådet. Rådet ser det ikke som sin oppgave å skape et konsekvent språk.»
Nygaard fekk svar på tiltale. Helge J. Dyvik, dåverande leiar i Språkrådets fagråd for normering, svara at bokmålet hadde blitt stramma inn, at tilnærmingformer hadde blitt tekne ut og at Språkrådet følgde med på kva språk som vart nytta. «(…) Hvis Nygaard og hans kollegers bestrebelser skulle føre til at vi på lengre sikt får et strammere formutvalg i det faktiske skriftspråket enn vi har i dag, er dette noe Språkrådets normeringsarbeid åpenbart må ta hensyn til når den tid kommer.»
For Språkrådet legg bruk til grunn i normeringsarbeidet sitt. Då Rettskrivingsnemnda for nynorsk la fram arbeidet sitt i 2011, var bruk det viktigaste argumentet. Til og med punktet om at «Nynorsken skal normerast på eigen grunn» tolka dei til at ei ny norm skulle byggjast på gjeldande rettskriving. Ein kunne ikkje setja strek over korleis nynorsken har sett ut dei siste sytti åra.
Hovudkjelda for arbeidet var Det nynorske tekstkorpuset ved Universitetet i Oslo. Då styresmaktene gav Norsk Ordbok dei rammevilkåra dei trong for å bli ferdige til 2014, fekk også korpuset påfyll. Tre fjerdedelar av tilfanget har kome til etter 2000. Det var difor for det meste ferskvare normeringsnemnda kunne forska i.
Å samla all skriven tekst i eit korpus er ein våt draum, men er i praksis umogleg. Difor er tekstane som utgjer korpuset, tekstar som alt er offentlege. Tilfanget som kom til etter 2000, var i all hovudsak frå tre kjelder: nynorskaviser, statlege dokument, skriv frå nokre fylke, tekstar frå ei handfull kommunar og ti årgangar av artiklar frå Nynorsk Pressekontor. I tillegg blir det meste frå Samlaget inkludert i korpuset. I stort mon blir difor normeringa av nynorsk gjort på bakgrunn av tekstar som er skrivne innanfor ei privat norm.
Bokmålsnære departement
I vår vart Oda Malmin endeleg ferdig med masteroppgåva si, «Normer og former i statsforvaltninga». Målet var å finna ut kva nynorsk det offentlege held seg med.
Basert på dei funna eg gjorde, så sit eg med eit inntrykk av at departementa nok har ei eller anna husnorm, fortel Malmin.
– Eg fekk tilsendt fråsegner, og i eit par tilfelle dokument med retningslinjer og råd, om korleis ein skulle skriva. Men akkurat kva status desse retningslinjene har, og kven som har utarbeidd dei, er meir diffust. Det kan fort henda at det er ein eller annan som har hatt klåre meiningar om dette, og som difor har fått jobben med å utforma dei, eller at dei er kopierte frå liknande normskriv i pressa, seier ho.
Det vart difor uråd å vita sikkert kva som styrer nynorskbruken i departementa.
– Sidan eg fann få og ingen døme på ei slik grunngjeving, må eg gjera ei tolking. Fråsegnene frå departementa synte at dei tilsette blei bedne om å skriva ein «moderat» nynorsk og unngå å bruka dei særaste orda. Fleire rapporterte at dei la seg så tett opp til bokmålet som råd er. Eg trur ein del av årsaka kan vera omsynet til mottakaren. Dei er redde for ikkje å bli forstått, dei er redde for at val av ord skal forstyrra innhaldet. Difor vel dei ein såkalla nøytralitetsstrategi. Dei skriv så nøytralt dei kan, slik at språket ikkje skal forstyrra innhaldet. Og nøytralt vil altså ofte seia nært bokmålet, seier Malmin.
Det var likevel eitt ljospunkt.
– I stor grad er det bokmålsnære former som dominerer, men med viktige unntak: Det er ei handfull ord som held stand, sjølv om det finst bokmålsnære alternativ. «Medan» er mykje meir brukt enn «mens», og «mye» fann eg knapt i det heile. I utgangspunktet kunne det vore eit godt samnorskord, men det har altså ikkje slått i gjennom. Og øy-diftongane held stand. Ein kan kalla ein del av desse orda for symbolord eller signalord, og at dei har fått ein slik status, er veldig interessant. Det er merkeleg at desse orda er greitt å nytta, medan «me» og a-infinitiv blir sett på som støy i ein tekst.
Malmin vart uroa over funna. Ho meiner at sidan dei tilsette i forvaltninga har såpass lett tilgang til språkleg hjelp, så burde det ikkje vore noko problem å skriva god nynorsk. Men det er ikkje der skoen trykkjer.
– Frå eit mål-perspektiv/nynorskbrukar-perspektiv vart eg litt uroa over funna. Det er ingen som har så god og lett tilgang på kunnig hjelp som dei som arbeider i forvaltninga, det er berre å ringja Språkrådet. Det står i lova at ein skal tilsetja folk som har kompetanse i båe målformene, og har dei ikkje det, så skal arbeidsleiar gje dei den naudsynte opplæringa. Det er eit krav som ikkje ser ut til å bli teke på særleg alvor. Mange tilsette har lite medvit om dette med nynorsk, og det er nedslåande når ein går attende til gamle ordskifte i Stortinget: Dei handlar om akkurat dei same problema. Og no, som då, er løysinga at det må haldningsendringar til. Då blir ein litt oppgitt. Dette manglande medvitet gjer ein motlaus. Det er viktig å påpeika at dette er eit leiaransvar, det er ikkje dei tilsette sin feil at dei ikkje får den opplæringa dei har krav på, meiner Malmin.
– Materialet er har sett på, utgjer berre ein liten del av korpuset, om lag 1 prosent. Det er også relativt få som les det meste av dette, det er helst folk i Stortinget og rundt om i departementa. Men rundt der igjen er det mange folk som arbeider meir utoverretta, og det er klårt at dei ser på det som kjem frå departementa, som eit språkleg førebilete. Og då finn ein nynorsk som er skriven ut i frå ei smal og kanskje litt tilfeldig norm, ei norm innanfor læreboknormalen. 2012-norma er laga på bakgrunn av bruk, men det er ikkje ein fri bruk. Iallfall delar av han er ganske styrt, ettersom slike normer finst både i forlaga, departementa og pressa, seier ho.
Digital normering
Tidlegare i haust disputerte Stig Jarle Helset med avhandlinga “Norm og røyndom – Ein statistisk studie av operative normer i det nynorske skriftspråket”. Oppgåva er ei gransking av kva nynorskord som blir mest nytta. I ein forstudie såg Helset på kva språk norske aviser held seg med. No var granskinga utvida til å gjelda materiale frå nynorskkorpuset og ikkje minst ei brukarundersøking. Han fann at dei fleste brukte moderate til svakt radikale (bokmålsnære) former. Det fekk Helset til å konkludera med at ein såkalla midtlinjenynorsk ville vera det logiske.
«Når vi samstundes veit at den offisielle norske språkpolitikken tilseier at ein skal basere normeringa av det nynorske skriftspråket nettopp på slike normberande tekstar som ligg til grunn for denne studien, er det klart at også funna i denne granskinga talar for ei normering i retning av det som har blitt omtala som midtlinjenynorsk – slik vi har sett at mange andre også har tatt til orde for.»
Ei av avisene Helset har sett på, er Sogn Avis. Husnorma deira seier at journalistane skal skriva «me» og nytta a-infinitiv. Då Helset spurde om skrivereglane, svara redaktør Jan Inge Fardal at journalistane også nytta Tansa (TekstANalySAtor). Det er eit rettskrivingsprogram som vart utvikla av Sigmund Fossum, som tidlegare var korrektursjef i Verdens Gang, og sonen Nils-Rune Fossum. Tansa blir nytta av dei fleste dagsavisene i Noreg. Programmet rettar ikkje berre skrivefeil, men kan òg hjelpa deg med å skriva klårt. Sjølv om det til ein viss grad er råd å leggja inn eigne ord og former, så finst det ein standard som nokon i selskapet har laga. Programmet vil t.d. ha deg til å skrive «følgja» og ikkje «fylgja». Ein stad i Tansa-systemet sit det det nokon og lagar ei norm for svært mange journalistar. Ei norm som kan få fylgjer for framtidige nynorsk- og bokmålsnormer.
Valfridomen ligg fast
– Me har ikkje noko stort oversyn over kva husnormer som finst, seier Daniel Ims, som er seksjonsleiar for språkrøkt og språkrådgiving i Språkrådet.
– Me sit med eit inntrykk av at det finst fleire husnormer for bokmål enn for nynorsk, men me sjølve får nok oftare spørsmål som gjeld nynorsk husnorm. Me blir stundom spurde om me kan laga ei husnorm, men det kan me sjølvsagt ikkje. Det einaste me kan hjelpa til med, er å laga ei liste med råd om å vera konsekvent i val av typen «vi» eller «me», former med eller utan -j- i verb og substantiv og a- eller e-infintiv, seier Ims.
Han fortel at Språkrådet er klår over at innhaldet i nynorskkorpuset har sine avgrensingar, og at mykje av innhaldet har vore innom ei eller anna husnorm.
– Det er ei kjend utfordring, og 2012-nemnda var klår over dette. Dei søkte om å få nytta elevtekstar i arbeidet sitt, men fekk avslag på søknaden. Elevtekstar kunne ha gitt oss nyttig informasjon om korleis unge skriv, særleg om me hadde gjort det over tid. Me kunne også ha fått eit inntrykk av korleis dei som har nynorsk som hovudmål, skriv. Det er ikkje til å koma i frå at dei fleste som skriv nynorsk i forvaltninga, har hatt bokmål som hovudmål.
Han meiner at det å halda seg med ei husnorm kan vera problematisk.
– Om det grip inn i den vedtekne rettskrivinga. Utgangspunktet må vera at folk må skriva som dei sjølve vil. Den einaste staden der ei stram husnorm kan ha ein legitim funksjon, er om nokon skal skriva på vegner av ein annan person, t.d. ein minister. Ein minister kan ha eit ynske om å bruka særlege former når ein tekst kjem frå henne. Då kan det vera nyttig med eit oversyn over kva former det i så fall er snakk om. Ein vanleg rådgjevar skal derimot få skriva som han sjølv vil, med eit mogleg unnatak i fagord og termar som kan vera standardiserte. Den overordna føringa i normeringsarbeidet er at det skal vera stabilitet, og det gjeld både for bokmål og nynorsk. I dei gjeldande rettskrivingane er det stor valfridom, og den skal det særlege grunnar til for å leggja til sides.
Saka er henta med løyve frå Norsk Tidend.