Vi trur ikkje på meiningane til folk

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er objektive data frå forsking meir å stole på enn subjektive meiningar frå einskilde individ?

— Forsking gjev svar på spesialiserte spørsmål som er definerte og har kome fram under gjevne føresetnader. Økonomiforskinga er typisk i så måte når klassisk økonomisk teori føreset rasjonelle aktørar i marknaden, men det er jo ikkje slik, seier Noralv Veggeland, professor i offentleg politikk på HiNN i Lillehammer.

Debatten mellom forskarar bringar fram kunnskap og teoriar som er sanne om eit spesialisert emne inntil dei avkreftast og nye forventingar kjem fram. Forskinga er alltid noko farga av ideologiane som er populære i tida ho er forska fram i. Til dømes føresette tidlegare forsking at jorda var flat, eller at artane utvikla seg mot eit stadig høgare nivå gjennom evolusjonen, hevdar han.

Noralv Veggeland, professor i Offentleg Politikk ved HiNN. Foto: Privat.

— Meiningane til einskilde individ vil bli prega av denne kunnskapen som forskinga skapar til kvar og ei tid, men vil korrigerast av erfaringsstøtta heilskapsrøynsler i kvardagslivet. Meiningane til folk er slik sett eit korrektiv til dei rådande sanningane, og avspegla seg i den «politiske offentlegheita», slik sosialfilosofen Jürgen Habermas uttrykkjer det. Det er i liten grad tilfelle i Noreg i dag, held Veggeland fram.

det er eit demokratisk problem når folkevalde ikkje vågar ha eigne meiningar

Det er eit demokratisk problem når våre folkevalde ikkje lenger synest å gjera eit einaste vedtak utan at ekspertutval og forsking har greidd ut og fremja råda sine og konklusjonar og ikkje vågar ha eigne meiningar som støttar seg på erfaring, peikar han på.

Han kommenterer òg at ny forsking melder om at fleire lærarar ikkje gjev effekt på karakterane:

— All fornuft seier oss at fleire lærarar per elev, eller 16 elever per lærer som vedtaket var,  gjev betre utbyte i et heilskapleg perspektiv. Den einskilde eleven blir sett, kan bli gjeve hjelp og få meir tryggleik. Elevane vil få større utbyte av læringssituasjonen.

Positivisme og nyliberalisme

Positivismen baserer seg på erfaringsmessige kjensgjerningar, slik at den einaste måten å oppnå kunnskap på er ved det som er empirisk gjeve. Viten kan altså relativt uproblematisk nåast gjennom erfaring.

På 1990-talet eksploderte bruken av new public management (NPM – sjå òg faktaboks) i Noreg og EU. Det kom opprinneleg frå Australia og New Zealand, men til Europa kom det via sterk støtte i frå Ronald Reagan i USA og, framfor alt, Margaret Thatcher i Storbritania. Her, som i positivismen, vert alt knytta til allmenngyldige målbare storleikar på alle område. Offentleg forvalting og verksemd målstyrast, privatiserast og kontrollerast mekanisk av frittståande organ utan at demokratiske organ blir blanda inn. Idealet er at offentleg forvalting skal styrast som, og fungere som, store private selskap, og dermed spare staten for store pengar.

Korleis er positivistisk tenkjing i byråkratiet knytta til nyliberalisme og NPM?

— Positivismen knyter sanning til empirisk evidens utan å klargjera føresetnader og avgrensingar. Nyliberalismen vel denne sanningsforma og føreset at vi alle er rasjonelle aktørar som forbrukarar og investorar, og at den offentlege velferdsstaten difor må eksponerast for marknadskreftene som privat næringsliv, svarar Veggeland.

— NPM si tilknyting vert særleg tydeleg ved målstyring. Her kjem det fram tilsynelatande «objektive» sanningar gjennom testing og måling av kvantitative storleikar. Det blir oversett at kvalitet kan ikkje bli målt slik, men må opplevast og bli formidla ved kommunikasjon, til dømes i omsorgsektoren.

Christopher Hood, professor ved All Souls College, Oxford. Foto: Skjermdump youtube.

Mange har kritisert NPM kraftig, spesielt når det gjeld innføringa av dette i helsevesenet. Engelske Christopher Hood, professor i offentleg leiarskap ved Oxford University som opprinneleg laga omgrepet i 1991, evaluerte reformen i 2015 og fann at han ikkje hadde ført til lågare utgifter for staten eller auka kvaliteten på tenester for folk flest, heller tvert i mot, ettersom all konkurranseutsetjinga skapar meir byråkrati enn før.

Kva med «me-too»-debatten om seksuell trakassering?

— «Me-too» er eit døme på når meiningar forankra i kvardagserfaringer bryt gjennom positivismeskya. Det skjer heldigvis nokre gonger, avsluttar Veggeland.

New public management (NPM)

Ei reformbølgje som har som mål å effektivisere offentleg sektor etter styringsprinsipp frå privat sektor. Eit grunnprinsipp er at om offentleg sektor orienterer seg meir mot marknaden, med konkurranseutsetting, privatisering og stykkprisfinansiering, vil det leie til eit tilbod av offentlege gode som kostar staten langt mindre.

Kjelde: Wikipedia.