Undersøking: Unge er mest misfornøgde med legane
– Gir i mindre grad uttrykk for at kommunikasjonen fungerer godt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Unge misnøgde med legen
Ei ny spørjeundersøking Norstat har utført på vegner av Forbrukarrådet, viser at unge under 30 år er meir misnøgde med kommunikasjonen med lege og sjukehus, enn det eldre pasientgrupper er.
– Dei gir i mindre grad uttrykk for at kommunikasjonen fungerer godt. Nokre melder til og med om moraliserande eller uhøfleg oppførsel frå lege eller anna helsepersonell, noko vi synest er urovekkjande, seier fagdirektør for offentlege tenester i Forbrukarrådet, Anne Kristin Vie.
LES OGSÅ: Færre unge overdriv solariumbruken
Kartlegginga viser også at éin av tre pasientar seier at legen ikkje forsikra seg om at dei, som pasient, hadde forstått informasjonen dei fekk. Rådet meiner dette viser eit klart behov for å forbetre kommunikasjonsrutinane på sjukehusa.
– Dette må få mykje større plass i oppdragsdokumenta til helseføretaka. Det er på tide at det vert stilt høgare krav til god pasientkommunikasjon. Det er ansvaret til politikarane å sørgje for at helseføretaka har pasientkommunikasjon på agendaen, og ansvaret til kommunane å sjå til at fastlegane har same fokus, understrekar Vie.
LES OGSÅ: Vil fjerna eigendel for unge hos legen