Kvardagen i Distrikts-Noreg er å køyre eller bli køyrd. – Kollektivtilbodet utanfor sentrum er ikkje så godt, seier Simon Netland (16).

Oda Sundgot
Publisert

– Det blir å vente ein time eller springe, seier Simon Netland (16).

Han sit i Kvinesdal ungdomsråd og Agder ungdomsutval.

Simon Netland (16) sit i Kvinesdal ungdomsråd.

Kvinesdal kommune i Agder har litt over 6000 innbyggarar. Utanom skuleruta, går det ikkje så mykje kollektivtransport i kommunen. Dette er typisk for kommunar i Noreg.

– Om du held deg på E39 er det greitt, men Kvinesdal er ein veldig lang kommune. Kollektivtilbodet utanfor sentrum er ikkje så godt.

«Svipptur»

I Agder ungdomsutval, saman med Netland, sit Sverre Edvinsen (16) frå Farsund. Han representerer ungdommen i hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i Agder fylkeskommune.

No har utvalet kome fram til eit tilbod som skal løyse problema med lange avstandar og dyre bussruter: AKT Svipp.

AKT Svipp er ei samkøyringsteneste frå Agder Kollektivtransport (AKT) der ein kan bli køyrd frå dør til dør, som i ei drosje. I motsetning til ei vanleg drosje kan andre bli plukka opp på vegen. Ein «svipptur» kostar like mykje som ein vanleg busstur.

Portrettbilete av gut i gul hjelm og neongult arbeidstøy.

Sverre Edvinsen (16) sit i Farsund ungdomsråd.

– Tilbodet er enno i prøvefasen, så vi må sjå kor mykje det blir brukt, seier Edvinsen.

Agder fylkeskommune er ikkje åleine om å utvikle fleksible transporttilbod. Trenden mot fleksibel kollektivtransport ser ein òg i Møre og Romsdal, Trøndelag og Buskerud.

Fleksibel transport er dyrare per passasjer enn vanlege bussruter. Men tilbodet kan likevel lønne seg i lengda, då transportselskapa unngår å køyre tomme bussar.

Omsyn til behov

Kommunane og fylkeskommunane pliktar å gi skuleskyss til alle som går på grunnskulen og vidaregåande skular. Kollektivtransporten som finst utanom det bestemmer fylkeskommunane omfanget av.

Utanom Oslo, Bergen og Stavanger har folk mykje mindre mobilitet med kollektivtransport. Jørgen Aarhaug, forskingsleiar i avdelinga mobilitet på Transportøkonomisk institutt, seier det er stor variasjon frå plass til plass.

– By er ikkje by, og distrikt er ikkje distrikt, seier Aarhaug.

– Det er stor variasjon på korleis folk bur. I dalar som Sogn, der dei fleste bur langs ein veg, går det fint an å sette opp ei bussrute. Utfordringa er større i Hedmark, til dømes, der folk bur meir spreidd.

Geografien bestemmer korleis folk bur, som igjen bestemmer korleis kollektivtransporten ser ut. I Sogn «tvingar» dalen folk til å bu langs vegen, fordi det er fjell på begge sider. Då kan ein nå store delar av befolkninga med berre éi bussrute. I Hedmark, og Indre-Telemark, krev det mykje meir ressursar for å nå like stor del av befolkninga.

Ein annan problemstilling er behov.

I Finnmark er det fleire kommunar som nesten ikkje har kollektivtransport. Det er store avstandar mellom tettstadane. Men folk bur veldig urbant og har ofte gangavstand til alt dei treng.

– Kva eg treng og kva du treng er ikkje nødvendigvis det same. Å sette opp ei bussrute kostar like mykje om det er éin eller tjue personar som skal ta han, seier Aarhaug.

Avhengig av foreldre

Bussen mellom Kvinesdal og Flekkefjord går jamleg. Men for dei som ikkje bur i sentrum, er det vanskeleg å reise innad i kommunen.

Netland bur utanfor sentrum. Han må køyre mykje for å få kvardagen til å gå rundt.

– Før eg fekk motorsykkellappen, måtte foreldra mine køyre meg dagleg til jobb og trening. Det blir mykje ventetid.

Ungdom som ikkje har lappen, er avhengige av at foreldra deira køyrer til og frå fritidsaktivitetar.

– Det er vanskeleg å komme seg rundt, så det er behov for eit betre tilbod. Men det gir ikkje meining å sette opp ei bussrute til område med berre sju hus, seier Netland.

Tett samarbeid med unge

AKT Svipp starta som eit tilbod for eldre på Vågsnes. Målet er at alle i Agder skal kunne bruke det.

Sjølv om tilbodet ikkje blei laga spesielt for unge, ser fylket at ungdom er ei viktig målgruppe for tilbodet.

– Vi i ungdomsutvalet har hatt eit tett samarbeid med fylket for å utvikle AKT Svipp. Dei har vore veldig villige til å høyre på oss, seier Edvinsen.

Det er berre seks kommunar i Agder som er med i prøveordninga, og to av dei er berre for dei som reiser med honnør.

Kvinesdal tilbyr ikkje AKT Svipp. Kommunen jobbar med å kartlegge behov.

Netland og Edvinsen trur AKT Svipp vil ha ein positiv effekt, om dei kan få kommunane til å innføre tilbodet og få folk til å bruke det.

– Det blir viktig å reklamere godt for AKT Svipp, seier Edvinsen, – slik at folk forstår korleis det fungerer.

– Ja, det er kjipt om vi har eit kjempebra tilbod som ingen veit om, seier Netland.