Staten har brukt mange millionar på kamp mot tvangsekteskap. Men unge som må flykte frå familien sin, blir møtte av eit tregare hjelpeapparat enn før. 

Tina Åmodt, Dag og Tid
Tina Åmodt, Dag og Tid

 I april i år tek ei ung kvinne kontakt med eit av lokalkontora til organisasjonen Selvhjelp for innvandrere og flyktningar (SEIF). Ho er fortvila. Heime hjå foreldra lever ho under sterk sosial kontroll, og ho fryktar at ho kjem til å bli gifta bort i sommar. Kvinna møter ein SEIF-tilsett fleire gong–er i veka for rådgjeving. Etter kvart planlegg ho å flykte. Ho veit at ho vil hamne i livsfare og må reise langt heimanfrå. Men like etter at skuleåret er avslutta, dreg ho av garde.  

– Eg var redd. Det er det verste eg har opplevd. Då eg sat på bussen, var eg kjempetrist og tenkte at no mistar eg familie og vener, alle eg er glad i. Men eg måtte berre gjere det, seier kvinna på telefon til Dag og Tid.  

Bak flyttinga ligg ein stor innsats for å finne ein trygg bustad til henne. Dei siste åra er det Bufdir og kompetanseteamet til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) som har disponert mellombelse bustader for folk i slike situasjonar. Men kvinna kunne ikkje flytte rett inn i ei slik leilegheit. Tidleg i mai gav IMDI beskjed om at ho trong ei trusselvurdering frå politiet.  

Det lokale politikontoret kalla inn til møte i slutten av mai, men hevda fyrst at dei ikkje kunne gje trusselvurdering før dei visste kvar ho skulle bu. Etter kvart fekk jenta to butilbod frå IMDI, men begge var på stader der familien hadde slekt og vener, og var difor for farlege. Fleire tilbod kom ikkje, ifølgje SEIF. Då skuleferien nærma seg i juni, tok organisasjonen sjølv ansvar for å lose henne til eit krisesenter på ein annan kant av landet. Her bur ho medan IMDI vurderer kvar dei skal plassere henne.

 – Eg veit ikkje kor lenge eg skal bu her, ei veke, ein månad … Det er veldig slitsamt, seier kvinna.  

Byråkratisk runddans  
– Dette er ikkje eit unikt tilfelle, men ein tendens. Etter at det offentlege tok over ansvaret for desse unge, har terskelen for å få hjelp blitt høgare, seier SEIF- leiar Gerd Fleischer.  

SEIF har saman med Raudekrossen i ei årrekkje hjelpt unge som må flykte frå familien fordi dei er er i fare for tvangsekteskap og æresrelatert vald. I 2008 kom det ein ny handlingsplan mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap, der det vart stadfesta at det offentlege skulle ta over ansvaret for dei utsette. Store midlar vart løyvde, minoritetsrådgjevarar tilsette på skulane, og IMDIs kompetanseteam bygd ut. No finst det 22 bustader, meir enn det doble av det SEIF og Raudekrossen disponerte. Men vegen til desse har blitt meir komplisert.  

– Skilnaden mellom før og etter det offentlege tok over, er himmelvid, seier Fleischer.

 Medan dei frivillige organisasjonane tidlegare disponerte kriseleilegheiter som unge kunne flytte rett inn i, må dei no søkje trygg bustad frå IMDI, innom krisesenter, og i møte med politiet.

 – Når ein ungdom er i krise og må bort, skal ikkje vedkomande måtte fare frå ein etat til den andre for å fortelje historia si i ein byråkratisk runddans. Det kunne før bli ordna på dagen – nokon frå SEIF stod der og tok imot, og den unge fekk ein stad å bu. Etter å ha jobba så lenge har vi kunnskap som gjer at vi kan vurdere kvar det er trygt for den unge å flytte, for så å ta kontakt med politiet, seier Fleischer.  

– Viss byråkratiet blir for tungrodd, vil mange unge gje opp eller ikkje søkje hjelp i det heile teke.  

LES OGSÅ: – Lite tilpassa innvandrarar

«Krisesentra er for horer»  
På eit kontor i Oslo sentrum sit Anne Marte Stifjeld, som er prosjektleiar for Raudekross-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Telefonen har ringt ofte dei siste vekene – det er høgsesong for tvangsgifte. Jenter som frå dei var små, har visst at dei var lova bort, og som no skal på ferie til opphavslandet, ringjer fulle av angst for at det skal skje denne sommaren, og lurer på om dei bør gå under jorda. Andre lever alt i tvangsekteskap og vurderer å bryte ut.  

– I løpet av året har vi mellom 450 og 500 telefonar. I juni tok 60 personar kontakt, seier Stifjeld.

 – Er det mange av desse som blir flytta til krisebustadene?

 – Det varierer, men berre i førre veke undersøkte eg om det var mogleg for tre jenter å få butilbod. 

 – Fekk dei det?

– Éi fekk plass. Éi var ikkje fylt atten enno, så den saka må eventuelt barnevernet ta. Den tredje fekk ikkje plass, fordi ho berre hadde vore utsett for press til å gifte seg og ikkje direkte truslar. Men dei fleste som er i fare for tvangsekteskap og får alvorlege truslar, får plass i butilbodet, seier Stifjeld.  

Ho peikar på at det kan ta tid frå den unge fyrst tek kontakt, til han eller ho blir flytta. Mange brukar fleire år på å ta avgjerda om dei vil bryte med familien, seier ho.

 – Familien er det kjæraste mange av dei har, og dei er ambivalente – kva er verst, å leve med ein mann ein ikkje vil ha, eller å miste familien sin? Enkelte fryktar også for livet sitt om dei bryt ut.

 Stifjeld er i hovudsak positivt innstilt til den statlege drifta av krisebustadene. Kommunale miljøarbeidarar følgjer opp ungdomane og ser til at dei får skuleplass og kontakt med NAV, og førebur dei på livet på eiga hand.  

– I og med at eigne personar er tilsette for å følgje dei opp, kan det også vere at tilbodet enkelte stader er betre.  

– Så de har mest gode erfaringar med dei nye ordningane?

– Vi er òg redde for meir byråkratisering. Dei unge har gjerne teke mot til seg før dei kjem, og kan møte tregleik i systemet. Det å vere på krisesenter og måtte snakke med politiet kan også følast vanskeleg, det blir ein ekstra terskel ein skal over. Nokre har blitt fortalde at krisesentra er for horer, og familien kan tape ære viss det kjem ut at dottera bur der. Men krisesentra har god kompetanse, og er ein trygg stad å vere, seier Stifjeld.  

Sjølv er ho fyrst og fremst uroa for korleis det går med ungdomane etter dei seks månadene i offentleg bustad. Då er verken IMDI eller kommunane plikta til å følje dei opp.  

– Somme vel å flytte heim att til familien. Somme av desse opplever kanskje at foreldra gjev dei meir fridom. Andre får det endå verre og blir tvangsgifta ikkje berre éin gong, men to. Det er viktig at det offentlege og frivillige organisasjonar samarbeider til det beste for dei som vi prøver å hjelpe, seier Stifjeld.  

Auka ventetid  
Når ungdomane flyttar ut frå dei offentlege butilboda, kan det vere starten på ein lang venteperiode for å kome i gang med eit nytt liv.  

Advokat Marie S. Lyby har hjelpt over hundre personar som bur på hemmeleg adresse. Mange av desse er unge som har flykta frå familiane sine. Lyby har merka at ting tek meir tid, men at ho har opplevd at dei unge får god hjelp når dei fyrst kjem innanfor systemet. Hovudutfordringane kjem når den unge skal etablere seg i eigen hemmeleg bustad:

 – Eg opplever at Kripos tek desse sakene på alvor, men at dei må forbetre systemet sitt. Før Kripos fekk ansvaret, tok det kanskje tre veker, no kan det ta fleire månader å få på plass ei adresseendring. Eg har også mange klientar som ringjer meg og er fortvila fordi dei har vore i møte med politi som ikkje veit kva dei snakkar om, seier Lyby.  

– Når det tek lang tid å bli registrert med ny, sperra adresse i folkeregisteret, får ein ikkje bestilt fastlege på ny bustad, bankkort og PIN-kodar. Det er urovekkjande i ein etableringsfase.  

Det kan bety stor uvisse for ungdomen – også økonomisk.  

– Viss du ikkje er folkeregist-rert i ny kommune enno, får ein til dømes ikkje søkt om nye ytingar frå NAV. Då kjem folk i knipe. Somme må ta opp forbrukslån for å klare seg, det er veldig uheldig, seier Lyby.

LES OGSÅ: Retorikk vert fort politikk

 – Mange dreg attende  
SEIF-leiar Gerd Fleischer meiner saksbehandlingstida aukar risikoen for at dei unge dreg heim att.

 – Det er veldig, veldig alvorleg. Mens dei unge ventar på sperra adresse og namneendring, er dei i fullstendig limbo og kan ikkje gjere noko. Då er det ikkje rart at somme dreg attende. Vi har fått tilbakemeldingar om at det er mange. Det er ikkje rart når dei får dårleg oppfølging.  

– Men det vil vel alltid vere nokon som dreg heim?

– Det er det alltid. Men om vi får meir systematisk samarbeid mellom offentlege etatar og frivillige organisasjonar, blir det lettare for dei unge. Dette samarbeidet var smidig og gjekk på skjener før det offentlege tok over. Dei unge treng oppfølging også etter at dei har flytta for seg sjølve, ikkje berre i seks månader.  

Fridomsdraumen  
Den unge kvinna som tok kontakt med SEIF i april, veit ikkje kvar ho blir busett no. Kompetanseteamet har nyleg foreslått at ho kan bu i eit av dei få bukollektiva som har plass på ein annan kant av landet. Men kvinna sjølv og SEIF meiner at ho vil få det betre i eigen leilegheit.  

Sidan ho flykta, har ikkje kvinna hatt kontakt med nokon i familien. For at dei ikkje skal kunne spore henne opp, har ho sletta Facebookkontoen og øydelagt SIM-kortet sitt.  Trusselvurderinga som ho gjekk til politiet for å skaffe, har ho enno ikkje sett noko til.

 – Dei sa dei skulle sende vurderinga hit til krisesenteret, men det har ikkje skjedd. Difor har eg heller ikkje fått valdsalarm.  

– Har du nokon gong tenkt på å gje opp, reise heim?

– Nei. Det kjem eg aldri til å gjere. Eg veit at eg då må gifte meg, og få det meir vanskeleg enn eg har no. Mange jenter får fridom av å flytte. Det håpar eg at eg også vil få.  

LES OGSÅ: Gutar og menn flyktar og frå tvangsekteskap

Meiner tilbodet har blitt betre
 Koordinator Farrah Ghazanfar i Kompe-tanse-teamet meiner hjelpetilbodet er kraftig forbetra sidan staten tok over.  

Ho kjenner seg ikkje att i SEIFs byråkratikritikk og peikar på at det er ein fordel at dei unge søkjer om offentleg bustad via krisesentra.  

– Vi får kartlagt situasjonen betre viss dei er på krisesenter. Der får dei også råd og hjelp og snakka med folk.  

Ho meiner trusselvurderingar og omplasseringar etter at den unge har teke kontakt, normalt skjer raskt.  

– Lokalt politi lagar ei trusselvurdering på ein dag eller to. Sjølvsagt kunne ein ønskje at ungdom i ein vanskeleg situasjon slapp å snakke med så mange. Men for å sikre tryggleiken er det viktig at politiet vurderer trusselsituasjonen. Vi har ikkje noko generelt inntrykk av at prosessen tek lang tid.  

– Kva med jenta de ikkje fann ein sikker plass til, som SEIF sjølv måtte flytte?

– Vi har ikkje høve til å kommentere einskildsaker. Men det er ikkje vanleg at vi ikkje finn plass. Viss det skjer, er det som oftast fordi nokon ønskjer seg til ein bestemt stad, seier Ghazanfar.  

Ho meiner samarbeidet med kommunale arbeidarar er godt, og strekar under at IMDI følgjer opp dei tilsette i bustadene og gjev råd.

 – Veit de kor mange som flyttar heim?

– Vi har ikkje tal på dette, men vår erfaring er at det er få som flyttar attende til familiane, og at det er færre enn før.

 – Korleis går det med dei som flyttar attende?

– Det veit vi lite om. Vi ønskjer meir forsking på korleis det går med desse.  

– Vi må vurdere sakene grundig  
– Utvida saksbehandlingstid er nødvendig, seier politiinspektør Ole Jørgen Arvesen i Kripos.  

Tidlegare brukte Skatte-direktoratet kring tre veker på å behandla ein søknad om hemmeleg bustad. Etter at Kripos tok over ansvaret, er behandlingstida fleire månader.

 – Kvifor brukar de så mykje meir tid enn Skatte-direktoratet?

 – Vi gjer ei svært grundig vurdering. Det handlar om meir enn berre å innvilge søknader. Vi vurderer til dømes tiltak for å fjerne og minimere trusselen. Det norske samfunnet er gjennomsiktig, og det er svært krevjande å gøyme seg bort. Vi vurderer også om adressesperre er eit eigna tiltak for den det gjeld. Vi må sjå på mange forhold for å finne ut kva politiet kan gjere for desse menneska.

 – Fleire fortel at dei møter uvitande politi på lokale kontor?

– Det er sjølvsagt viktig at dei når rett person. Politi-distrikta har folk som skal jobbe med desse spørsmåla.

 – Men lang tid fører mellom anna til at ungdomane kan miste NAV-støtte?

 – Det er nettopp slikt folka i distrikta skal gje råd om. Sjølvsagt anerkjenner politiet behovet for at desse tinga blir raskt handterte, og vi jobbar for å forbetre systemet.  

LES SAKA I DAG OG TID!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE