Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I september i år måtte den svenske sportskommentatoren Kajsa Bergqvist beklaga seg midt under ei direktesending på SVT. Grunnen var at ho hadde kalla den finske hinderløparen Sandra Eriksson for ein finne.

– Eg brukte ordet finne i sendinga, og det er tydelegvis ikkje eit bra ord å seia. Om nokon blei støytt av det, vil eg verkeleg be om orsaking, sa Bergqvist dagen etter ifølgje Huvfudstadsbladet.

Finland feirar 100 år som sjølvstendig nasjon 6. desember 2017.

Finland feirar 100 år som sjølvstendig nasjon 6. desember 2017. Før 1917 høyrte landet til Russland, og før det igjen til Sverige.

Kva var problemet? Heiter ikkje folk frå Finland finnar, då?

Så enkelt er det ikkje. Eriksson høyrer nemleg til den svenskspråklege minoriteten i Finland, men dei er ikkje finnar – det er det berre den finskspråklege majoriteten som er. Både finnar og finlandssvenskar er likevel finlendarar – som er det nøytrale omgrepet for folk frå Finland.

Forvirra? Då er du ikkje åleine. Fleire enn Kajsa Bergqvist har gjort den same feilen: Klassekampen-journalist Jens Kihl grupperer Tove Jansson som finne i dagens avis, trass i at ho skreiv sine bøker om Mummitrollet på svensk. Også her i avisa har me kome i skade for å omtala finlandssvenskar som «svensktalande finnar».

Lat oss difor gjera det heilt tydeleg:

Forfattar Sofi Oksanen er finne. Ho vann Nordisk råds litteraturpris i 2010.

Forfattar Sofi Oksanen er finne. Ho vann Nordisk råds litteraturpris i 2010. Foto: Magnus Fröderberg/Norden.org

  • Finlendarar er alle som kjem frå Finland. Finlendarane feirar i dag sin 100-årsdag som sjølvstendig nasjon.
  • Finnar er finskspråklege finlendarar. Over 90 prosent av alle finlendarar er finnar, og dei kallar hovudstaden sin Helsinki. Kjende finnar er mellom andre forfattarane Sofi Oksanen og Arto Paasilinna, Formel 1-førar Mika Häkkinen, nobelprisvinnar Martti Ahtisaari og vokalist Tarja Turunen.
  • Finlandssvenskar er svenskspråklege finlendarar. Dei utgjer om lag fem prosent av folkesetnaden, og kallar hovudstaden Helsingfors. Kjende finlandssvenskar er mellom andre forfattar Tove Jansson, komponist Jean Sibelius, offiser og statsmann Carl Gustaf Mannerheim og artist Isac Elliot.

No veit du altså det. Om du lurer på korleis finlandssvensk høyrest ut, kan du sjå denne filmen med bandet Vasas Flora och Fauna:

Som kontrast kan du sjå ein musikkvideo med den populære finnen Litku Klemetti: