Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finland i 100: Kan me læra oss å elska naboane våre i aust?

– På finsk skil ein mellom korte og lange lydar. Seier du «tapaan Marja», betyr det «eg vil møta Marja», men seier du «tapan Marja», betyr det «eg vil drepa Marja», forklarer Marja Etelämäki.

Ho er førsteamanuensis i nordisk språk ved Universitetet i Oslo, og leier minikurset i finsk språk som Foreininga Nordens Ungdom arrangerer for å markera 100-årsjubileet til Finland. Dei 24 frammøtte ler forsiktig av den tørre, mørke humoren som er typisk for det finske lynnet, men er elles fullt konsentrerte om å hengja med i dei grammatiske svingane.

– Finsk har ingen grammatiske kjønn, og ingen artiklar. Difor er substantiv veldig enkelt. Berre bortsett frå nokre små vanskar, ertar Etelämäki – før ho viser fram lista over dei «14 eller 15» ulike kasusa ein må pugga for å bli flytande i finsk.

I staden for å bruka preposisjonar, bøyer nemleg finnane substantiva i kasus: Der ein på norsk seier i eit hus, ved eit hus, ut av eit hus og inn i eit hus, seier ein på finsk talossa, talolla, talolta og talosta. Og så bortetter og bortetter.

– Til å vera eit naboland høyrer ein lite om det, seier Christin Vangen (27). Ho og venninna Ida Lilleng er samde om at nordmenn flest har lite kunnskap om Finland.

Lite eksponert

– Den finske grammatikken er vanskeleg, men uttalen er veldig grei, seier ein av kursdeltakarane, Christin Vangen (27), som sjølv er halvt finsk, men har vakse opp i Noreg utan å ha lært mora sitt språk.

– Det ikkje eit språk ein blir eksponert så mykje for, og det er ikkje tilbod om det på skulen eller universitetet. Eg har prøvd å læra litt på nettet, men det er tungt å koma inn i som nordmann, seier Vangen.

Heller ikkje Ida Lilleng (28), som berre er knytt til Finland gjennom å høyra på finske metalband som Children of Bodom og Stratovarius, blei avskrekka av grammatikkleksjonen.

– Eg fekk lyst til å læra meir finsk, så eg skreiv meg på lista for framtidige kurs, seier Lilleng, som ikkje kjente til Foreinginga Norden før ho kom over finskkurset på Facebook.

– Men det er ein fin ting. Befolkninga i dei nordiske landa er liten, og det er fint at det er eit samhald mellom oss, seier Lilleng.

Skandinavar er som italienarar i forhold til finnar

Markant annleis

Når Foreininga Nordens Ungdom (FNU) arrangerer finskkurs i Oslo, er sjølvsagt målet å spreia interesse og forståing for det litt framande nabolandet i aust. Det stadfestar Jonas Roelsgaard (26), leiar i FNU og initativtakar til kurset.

– Sjølv er eg fascinert av sportsgreinene deira. Dei har til dømes verdsmeisterskap i gjørmefotball og fyrstikkasting, seier Jonas Roelsgaard, leiar i Foreningen Nordens Ungdom, om den finske kulturen.

– Finland er like stort som Danmark og Noreg, med over 5 millionar innbyggjarar. Likevel tenkjer ein ofte på Norden som Sverige, Noreg og Danmark, seier dansken.

Roelsgaard har sjølv kjærast frå Finland, men ho høyrer til det finlandssvenske mindretalet, som typisk er meir orientert mot Skandinavia. Dei har ikkje dei same kulturelle særtrekka som dei finsktalande finnane, som ifølgje FNU-leiaren er noko for seg sjølve.

– Finnane er markant annleis enn svenskar, danskar og nordmenn. Dei er tilbaketrekte og private, og humoren er hard og grotesk, med mykje innforstått informasjon. Skandinavar er som italienarar i forhold til finnar, seier Roelsgaard.

Både han og Etelemäki viser til teikneserien «Finnish Nightmares» som ei treffande oppsummering av den finske stereotypen:

– Dette er noko mange i Norden kan kjenna seg att i, så det er ikkje unikt for Finland, men det er ekstra sterkt i Finland, meiner Roelsgaard.

Kan det framande finske språket også vera ein nøkkel til å forstå finnane? FNU-leiaren trekk fram ein artikkel publisert i fjor av Svenska Yle, den svenskspråklege utgåva av det finske NRK, om «den oppsiktsvekkande forklaringa på at ingen nordmenn vil til Finland»:

Ein norsk psykolog meiner nemleg å ha funne ut at finnar oppfattar tid og rom på ein annan måte enn skandinavar på grunn av kasussystemet i finsk. Dette er mellom anna grunnen til at «finsk fjernsynsteater» på norsk har blitt eit uttrykk for noko som er ulideleg keisamt, spekulerer Yle-journalisten saman med forskaren.

– Det er rart å tenkja på at språk kan vera så kraftfullt at ein oppfattar verda annleis, kommenterer Roelsgaard.

Tung tids tango

Lingvisten Marja Etelämäki meiner det ikkje er tvil om at språket påverkar måten ein ser verda på, og viser til at det er gjort fleire studiar som demonstrerer det forskarane kallar «lingvistisk relativitet».

At dei treige og trasige tv-filmane frå Finland skal vera eit produkt av det finske kasussystemet er ho likevel ikkje overtydd om.

Kati Outinen og Markku Peltolai i Aki Kaurismäkis film «Mannen uten minne» (2002). Filmweb

– Det har meir med å gjera med kulturell oppseding og kva ein blir van med, trur ho, og seier at undersøkinga Yle-artikkelen refererer til ikkje er akseptert av lingvistar flest.

Etelämäki trekk fram den finske regissøren Aki Kaurismäkis filmar, som også har eit langsamt og lakonisk preg, men som likevel har blitt godt tatt imot i utlandet. Ho gir også andre døme frå kuluren på det ho kallar ei «tyngd» i det finske tankesettet:

– Tangomusikk er ganske populært i Finland, men den finske tangoen er ganske annleis enn den argentinske: Han er meir melankolsk, og handlar ofte om tapt kjærleik og lengt.

– Men dette har ikkje nødvendigvis noko med språket å gjera?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Det finst jo andre språk som har kasus i staden for preposisjonar, så for å seia noko om ein slik samanheng må ein også ta omsyn til andre land.

Eg visste nesten ingenting om Noreg før eg kom hit

Mykje USA, lite Norden

Etelemäki kom til Noreg og Universitetet i Oslo for eitt år sidan frå Universitetet i Helsingfors, og fortel at ho ikkje har merka noko særleg til fordomar mot Finland og finnar i Noreg.

– Det er meir slik at folk ikkje tenkjer på Finland. Eg har lagt merke til at det er veldig mykje nyheiter frå USA i norsk media, og mindre fokus på Europa og resten av Norden. Det har kanskje med å gjera at Noreg er medlem av NATO og ikkje EU, trur Etelemäki, som likevel ikkje trur finnar veit meir om nordmenn enn motsett.

Åbo sørvest i Finland markerer  100-årsjubileet med pynta tre i sentrum. Åbo var finsk hovudstad då landet var ein del av Sverige. Så flytta russarane hovudstaden lenger aust til Helsingfors. Foto: Runar Bjørkvik Mæland

– Eg visste nesten ingenting om Noreg før eg kom hit, innrømmer forskaren, som synest det er synd at me ikkje veit meir om kvarandre.

– Me har mykje til felles, legg ho til.

Også Jonas Roelsgaard trur verdspolitikken har stått i vegen for større forståing og samhald mellom dei nordiske folka. Han peikar på at Finland lenge var tvungne til å fokusera på forholdet til Sovietunionen, på same tid som Noreg og Danmark knytte seg nært til USA. Då Sovietunionen gjekk i oppløysing, søkte Finland seg med ein gong til EU.

Draumen om at finnar, nordmenn, svenskar og danskar skal sjå kvarandre som søstre og brør har difor hatt dårlegare kår i eit par generasjonar.

– Viss du spør besteforeldra våre, har dei truleg mykje meir kunnskap om Finland enn folk frå vår generasjon, trur Roelsgaard – og håper tiltak som finskkurs på Blindern kan vera eit aldri så lite bidrag for å endra på det.

Finland i 100 år

  • Finland vart sjølvstendig 6. desember 1917.
  • Før 1917 høyrte landet til Russland, og før det igjen Sverige.
  • Parlamentarisk republikk. Dagens president er Sauli Niinistö.
  • 5,5 millionar innbyggjarar. Ca 90 prosent har finsk som morsmål, og blir kalla finnar.
  • Finsk høyrer til den uralske språkgruppa, og skil seg sterkt frå indoeuropeiske språk som norsk, engelsk, tysk og fransk.