mm
Faktaboks

• Den nettbaserte undersøkinga er gjort av tre studentar ved JMK (Enheten för journalistik, medier och kommunikation ved Stockholms universitet).
• 412 finlandssvenskar busett i Finland svara på undersøkinga.
• 55 prosent av respondentane var i alderen 15-24 år.
• 73 prosent av respondentane var kvinner
• 290 000 personar i Finland har svenska som morsmål
• Nesten halvparten av alle finnar meistrar svensk munnleg
• Av Finlands 415 kommunar er 62 svensk- eller tospråklege. 16 av dei 19 kommunane som er heilt svenskspråklege ligg i Åland, dei tre siste ligg i Österbotten.
• Svensk og finsk er jamstilte språk i Finland

Kjelde: Expressen

LES FAKTALUKK FAKTA

Ifølgje ei spørjeundersøking gjort av studentar ved Stockholms universitet er hatet mot finlandssvenskar på frammarsj. Resultata vart først omtala i svenske Expressen.

290 000 finlandssvenskar
I undersøkinga svarar 295 av 412 – over 70 prosent – at dei har kjent seg trua eller utsett på grunn av sin finlandssvenske identitet.

Tre av fem svarar at dei har vorte truga eller utsett for fysisk eller verbal vald.

I dag er det kring 290 000 finnar – i overkant av fem prosent – som har svensk som morsmål.

Spørjeundersøkinga, som er gjort av studentar ved JMK (Enheten för journalistik, medier och kommunikation ved Stockholms universitet), vart spreidd på skular og universitet i Finland der majoriteten er svenskspråklege. Fleirtalet av dei 412 respondentane er i alderen 15-24 år.

LES OGSÅ: Finsk tv-stjerne drapstruga for å snakka svensk

Fleire finlandssvenskar er redde for å snakka svensk offentleg: – Om mor mi skulle ringa ein sein kveld når eg sit på t-banen, skulle eg ikkje svara, seier Siri Rosenström (18) til Expressen. Foto: Aron Söderström, Expressen

Aggressiv tone
Meir enn halvparten av dei spurde meiner at situasjonen har vorte verre dei siste ti åra. Statsvitar og forskar Pasi Saukkonen er einig.

– Det språklege klimaet har blitt dårlegare dei siste ti åra. Det har blitt ei meir aggressive tone og kritisk diskusjon kring svensken si stilling. Det er meget urovekkjande at menneskjer ikkje vågar prata sitt eige morsmål på gata. Det fører til att det svenska språket riskerer att å verte enno meir marginalisert, seier Saukkonen til Expressen.

I 2013 fortalde programleiar Bettina Sågbom og fleire andre profilerte finlandssvenskar at dei fekk  drapstruslar. Finlands dåverande statsminister, Jyrki Katainen, var ein av mange som den gong rykka ut for å forsvara finlandssvenskane.

Bettina Sågbom intervjua Fredrik Skavlan på eit møte i regi av Foreningen Norden i 2013. Her med den norske generalsekretæren Espen Stedje. Foto: privat

LES OGSÅ: Finsk språk-uvilje

Tvangssvensken
Finskspråklege elevar lærer svensk frå sjuande klasse, medan svenskspråklege elevar byrjar med finsk i tredjeklasse.

Framleis obligatorisk svenskundervisning er ei av dei store språkspørsmåla i Finland. I 2015 var saka oppe til behandling i Den finske riksdagen, etter eit innbyggjarinitiativ med over 50 000  stemmer.

Bak initiativet for å fjerna pakkoruotsi, tvangssvensken, stod Foreinga Fritt språkval, Finskhetsforbundet, Samlingspartiets ungdomsforbund og Sannfinnane.

QUIZ: Er du god på svensk og dansk?

Sannfinnane og Svenska Folkpartiet 
Sannfinnane, som etter valet i 2011 vart Finlands tredje største parti, vert av mange skulda for å vere ei av årsakane til at situasjonen for finlandssvenskane har vorte meir utrygg.

På andre sida står vesle Svenska Folkpartiet (SFP), med ei oppslutning på mellom fire og fem prosent. Partiet har sitte i regjering dei siste 36 åra, fram til i fjor.

LES OGSÅ: Finsk topp-politikar vil fjerna svensk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE