Vil me forstå kvarandre?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

– Sen kan du gå, öh, through the shop, och upp trappan til andra våningen.

Den unge mannen som stod i butikken på museet for historie og samtidskunst i Åbo, ein mellomstor by vest i Finland, hadde openbart ikkje svensk som sitt morsmål. Som det store fleirtalet i byen – over 80 prosent – snakkar han helst finsk og kallar byen sin Turku.

Då eg kom til skranken og bad om «ein billett, takk», la museumsverten likevel sjela si i å forklara meg dei ulike priskategoriane samt kva som var å sjå på museet på eit gebrokkent skulesvensk. Sjølv då han måtte ty til enkelte engelske ord for å få setningane til gå i hop, gav han ikkje opp å føra samtalen vidare på skandinavisk.

Det kunne han lett ha gjort. Då eg var i Stockholm eit par dagar tidlegare la resepsjonisten på hotellet om til engelsk så snart han oppdaga at eg ikkje var svensk. Dette er dagleg kost når ein reiser som nordmann i både Sverige og Danmark.

Nekta servering

Eg har sjølvsagt ingen problem med å snakka engelsk når det trengst. Når eg først var i tospråklege Åbo, ville eg likevel prøva og sjå kor langt eg kom med skandinavisk. Nokon forstod meg, men svarte på engelsk. Andre, som museumsverten, strekte seg for å svara meg på svensk. Ingen stad møtte eg sure miner.

Alle har ikkje eit like harmonisk møte med tospråklegheita i Finland. Unge finlandssvenskar eg kom i prat med i Åbo fortalte at dei hadde opplevd å bli nekta servering om dei snakka svensk til kafépersonalet. Difor brukte dei berre finsk på byen.

I ei spørjeundersøking har fleire unge finlandssvenskar fortalt at dei har blitt truga og slått for å snakka svensk.

Kvifor var mitt inntrykk så annleis? Eg var turist og kunde; finlandssvenskar er innfødde som gjer krav om rettigheiter og tilpassing frå eit finskspråkleg fleirtal. Det vekkjer motstand på ein heilt annan måte enn ein ikkje-finsktalande skandinavisk turist.

Tvångssvenskan

Finland feirar i år sitt hundreårsjubileum som sjølvstendig stat, etter vel hundre år med russisk styre. I sju hundre år før det igjen låg dagens Finland under Sverige, og Åbo var då den viktigaste byen på austsida av Austersjøen.

Trass i lausrivinga har svensken framleis sterkt feste i Finland: Grunnlova slår fast at finsk og svensk er jamstelte som riksspråk, og alle elevar lærer både finsk og svensk i skulen – enn så lenge.

Då det nasjonalistiske partiet Sannfinländerna kom inn i regjering i 2013, sikra dei fleirtal for å gjennomføra forsøk med frivillig svenskundervisning i delar av Finland. Ungdomspartiet Finsk Ungdom har samanlikna svenskundervisninga med tortur, og håpar forsøksordningane blir det første steget på veg mot å fjerna «tvångssvenskan» heilt.

Viljen til språk

Servitørar som nektar servering til svenskspråklege, resepsjonistar som legg om til engelsk og politikarar som vil tospråklegheita til livs illustrerer det same poenget: Språk er ikkje berre eit spørsmål om å kunna. Det handlar også om å villa.

Vil me forstå kvarandre? Vil me at skandinavisk skal kunna brukast over landegrensene i Norden? Vil me leggja til rette, så langt me kan, for at dei som høyrer til eit språkleg mindretal skal kunna bruka og vera stolte over språket sitt?

Som museumsverten eg møtte i Åbo er eit utmerkt døme på: Me kan om me vil.

LES OGSÅ: Drapstruga for å snakka svensk