Åtte ting du må vite om luftforureining

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For å sikre best mogleg helse er det viktig at lufta rundt deg er rein og frisk. Me menneske pustar nemleg inn omtrent 10.000 liter luft i løpet av ein dag! I land som Kina og India er luftforureining eit stort problem, så stort at det har blitt vanleg å sjekke luftkvaliteten nett før ein går ut. iPhone sin eigen vêr-app informerer om luftkvaliteten i store, forureina byer som Beijing og Shanghai.

Dårleg luft er kanskje ikkje det folk forbind med Noreg, men i dei aller fleste byane og tettstadane i Noreg har faktisk så dårleg luftkvalitet at det har betydning for helsa hjå nokon av oss. I Oslo er det rekna at 180 personar har døydd for tidleg på grunn av luftforureining.

– Dette er folk med hjarte- og kar, eller luftvegssjukdommar, seier Marit Låg, seniorforskar ved avdeling for luft og støy på Folkehelseinstituttet.

Her er 8 andre ting du bør vite om luftforureining:

1. Luftforureininga er verre på vinteren

Luftforureininga er verre når det er kaldt både fordi det er høgare utslepp og på grunn av meterologiske forhold. På vinteren er det fleire som fyrer med ved, bruker piggdekk og startar bilen når den har nedkjølt motor. Alt dette fører til meir svevestøv i lufta.

2. Rushtid = verre luft

I Noreg er dei største kjeldene til luftforureining utslepp frå vegtrafikk, oppvarming og hus, industri samt utslepp frå skip i havn. Der trafikk er kjelda til luftforureining vil ein ofte sjå at mengda med svevestøv vil gå opp i rushtida.

Rushtid på Sjælland i Danmark. Foto: News Oresund/Flickr

3. Det finst ulike storleiker på svevestøv

… og dei minste partiklane går heilt ned i lungene!

Svevestøv blir ofte omtala som PM (particulate matter), og blir delt inn i mindre kategoriar utifrå storleiken på partiklane. PM10 har ein diameter på mindre enn 10 mikrometer, og kjem ofte frå vegstøv.

– Mange PM10 partiklar sett seg i dei øvre luftvegane hjå menneske, forklarar Marit Låg.

– PM2.5 er hovudsakleg forbrenningspartiklar. Det finst også PM0.1, som er ultrafine støvpartiklar som blant anna kjem frå eksosen til bilane. Dei klumpar seg ofte saman til større partiklar og går då under kategorien PM2.5.

4. Svevestøv kan gjere deg sjukare

Svevestøv, og spesielt dei i kategori PM2.5, kan forverre luftvegssjukdommar og forlenge infeksjonen.

– Dei som har eller har hatt hjarte- og karsjukdommar kan også oppleve forverring, blant anna med eitt nytt hjarteinfarkt framskynda av forureininga. Ny forskning tyder også på at luftforureining kan ha effekt på sentralnervesystemet, fortel Låg.

5. … og feitare

I 2016 eksponerte forskarar ved Duke University ei gruppe rotter for luft frå Beijing i 19 dager. Ei anna gruppe rotter blei utsett for frisk, filtrert luft. Dei rottene som hadde pusta inn Beijing-luft hadde høgare nivå av dårleg kolesterol, som kan påverke risikoen for å utvikle fedme og diabetes. Har menneske dei same forstyrringane i kroppens omsetting av næringsstoff, kan også me vere utsatt for same risiko.

6. Du kan sjekke luftkvaliteten på nett

Eit raskt Google-søk på AQI (air quality index) pluss din by gir deg fleire nettstader som tilbyr informasjon om luftkvaliteten der du er. Men vær obs på at dei kan operere ut i frå ulike skalaer og gi heilt ulike tal!

Sjekk til dømes ut Luftkvalitet.info som er dreven av Norsk Institutt for Luftforskning og opererer med fargekoder. Nettstaden Aqicn.org (basert i Beijing) målar luftkvaliteten i byar over heile verda ut i frå ein tal-basert skala.

Jente med munnbind i den kinesiske byen Hangzhou. Foto: Ragnhild Sofie Selstø.

7. Helseeffekten varierer

Born, eldre, gravide og personar med luftvegssjukdommar og hjarte-kar lidingar er spesielt sårbare for luftforureining. Kva effekt dårleg luftkvalitet har på kroppen varierer frå kva for ein type forureining ein blir eksponert for, kor høg konsentrasjonen er, kor lenge ein er eksponert og individuell følsemd. Svevestøv er den største komponenten når det kjem til helseeffekter av luftforureining, skriv Luftkvalitet.info.

8. Sjølv om det er dårlig luft i Noreg, vil folk flest ikkje oppleve store helseeffektar

Verdas helseorganisasjon anbefalar eit dagleg gjennomsnitt på 25 mikrogram PM2.5 partiklar per kubikkmeter. I november 2015 blei det målt 1400 mikrogram PM2.5-partiklar per kubikkmeter i delar av den kinesiske byen Shenyang!

Dei norske tilstandane er ikkje så galne, og folk flest vil ikkje oppleve store helseeffektar.

– Gjennomsnittet av luftforureining i Noreg er ikkje så høgt at friske folk døyr tidlegare, roar Marit Låg.