To av fem elevar på vidaregåande har opplevd seksuell trakassering
Det viser ny forsking frå Norges idrettshøgskole (NIH). - Tala viser at vi har ein haldningsjobb å gjere, meiner stipendiat.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stipendiat Nina Sølvberg har i sitt doktorgradsprosjekt funne ut at svært mange elevar på vidaregåande skular, både med idrett og studiespesialisering, har opplevd seksuell trakassering.
● Les også: Urovekkjande tal om sexpress blant norsk ungdom
39 prosent av elevane i studien hadde opplevd seksuell trakassering i løpet av eit år. Det er langt fleire jenter enn gutar som er råka.
– Det er flest som rapporterer at trakasseringa kjem frå vener, medelevar, lagkameratar/lagvenninner. Etter det kjem «andre» og trenarar, lærarar og helsepersonell, seier Sølvberg.
– Vi er nøydd til å ta tak i dette og utvikle førebyggingsarbeidet. Vi må lage førebyggande program for trenarar, lærarar, leiarar og andre som jobbar med unge, seier ho.