Talet på bønder som driv økologisk, stig for første gong på fem år. Så langt i år har 100 nye produsentar registrert seg.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Dei økologiske produsentane har registrert seg hos Debio, som står for sertifisering og kontroll av dei økologiske produsentane. Samtidig har 90 har meldt seg ut, skriv Nationen. I fjor hadde Debio 76 innmeldingar og 215 utmeldingar.

I januar starta representantar for landbruksnæringa prosjektet Landbrukets økoløft, der målet har vore å auke produksjonen av økologiske landbruksprodukt.

– Vi merkar ein auke i etterspørselen etter både økologisk førsteråd og omleggingsrådgiving, seier prosjektleiar Kjersti Berge i Norsk Landbruksrådgiving, som trur Økoløft har bidrege til utviklinga.

Men trass i at talet på økologiske produsentar har auka til no i år, trur Aina Bartmann, prosjektleiar for Økoløft og rådgivar i Oikos, at det er urealistisk å nå stortingsmålet om 15 prosent økologisk produksjon innan 2020. Økoløft kan motivere og informere, men det er styresmaktene og marknaden som sit med nøkkelen til å nå målet, seier ho. (©NPK)

Les meir:

Årets bygdeprofil 2015, Dag Jørund Lønning: – Lokal mat er vekke. Me sit att med «lokalmat», men det finst håp.

230.000 mjølkekyr her i landet har krav på frisk luft og mosjon i sommar. No skal Mattilsynet sjekke at dei får det.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE