Instakvardagen

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bilda på Instagram er ofte forseggjorde, regisserte og med all slags filter. For både unge og gamle brukarar av bildedelingstenesta er det mykje å tenkja på. Er dette eit viktig «Instamoment», tenkjer du kanskje i det sola er på veg ned i horisonten og du drar telefonen opp or lomma?

Fem jenter i førsteklasse på medielinja på Stord vidaregåande skule er alle flittige brukarar av sosiale medium. Dei fortel at det er Snapchat og Instagram som er mest populære for tida. Nokre bruker VSCO, som også er ei bildedelingsteneste, medan Facebook bruker dei meir sjeldan. 

– Instagram er jamt med meg gjennom dagen, seier Janne Halderaker.

– På skulen også?

– Ja, seier ho og smiler.

Mange profilar, fleire identitetar
Ingrid Aarseth Johannessen har skrive mastergrad i medievitskap ved Universitetet i Bergen, om unge jenter (14-15 år) og deira bruk av Instagram.

– Nesten alle dei 15 jentene eg intervjua i Bergen hadde fleire kontoar på Instagram, seier Johannessen.

Éin konto var berre for nære vener. Der hadde informantane 20-70 følgjarar. I tillegg hadde dei ein offentleg konto, gjerne med fleire hundre følgjarar. Nokre hadde opp i 3000 følgjarar på den offentlege kontoen, fortel Johannessen.

Det er stor skilnad på korleis ungdom bruker kontoane. Særleg presentasjonen på den private- og offentlege kontoen er ulik. På den offentlege kontoen er trenden at ungdom legg ut redigerte og gjennomtenkte bilde.

– Det blir som om dei har mangfaldige identitetar på ulike kontoar. Ungdommane er flinke til å tilpassa seg publikum, fortel medievitaren.

Medieelevane på Stord har også fleire Instagramkontoar. På den private kontoen er det meir rom for å visa den morosame sida av seg sjølv.

– Eg legg ut berre usensurerte bilde på den private kontoen, fortel Sara Slålie.


Unge i dag brukar mykje tid på korleis dei framstår i sosiale medium. Foto: Ingunn Gjærde

LES OGSÅ: Den redigerte verkelegheita.

Ikkje berre perfekt
Men ungdommane ønskjer ikkje berre å sjå den perfekte og redigerte versjonen av livet til folk. Dei ønskjer også å sjå dei meir kvardagslege og ikkje fullt så velluka augneblinkane på dei offentlege kontoane. 

– Det er kjekt når folk legg ut bilde som viser kven dei verkeleg er, seier Halderaker.

– Legg de sjølv ut slike bilde på den offentlege profilen dykkar?

– Nei.., seier fleire av jentene i kor, og byrjar å le.

Trenden er ifølgje Johannessen at fleire kjende Instagramprofilar, som Makeupmalin, Ulrikke Falch og Ida Fladen viser ei meir uredigert side av seg sjølv. Ho fortel at denne trenden har skote meir fart i det siste, og at dei meir ekte bilda skapar ei motvekt til det perfekte idealet som har vore i mange år.

Stordjentene likar ikkje når nokre prøver å skapa eit falskt bilde av seg sjølv på Instagram.

– Det hender at folk leggjer ut bilde av personar dei ikkje er vener med, berre for å sjå bra ut, fortel Amalie Sydnes.

LES OGSÅ: Facebook fortel kva som er trendy, men ikkje kva som er siste nytt.

Korleis feeden ser ut
Det er viktig at totalinntrykket av feeden (nyheitsveggen) er fin, skal me tru jentene på medium og kommunikasjon. Det skal vera ein god miks av ulike bilde. Feeden på den offentleg profilen skal gi eit inntrykk av personlegheita di, fortel dei.

– Feeden skal gi eit innblikk til nye folk om kven du er, forklarar Sydnes.

– Når feeden er fin er du også fin, seier Synne Nordanger Brandsdal litt spøkefullt, og leggjer til:

– Det er rart at me tenkjer slik.

Men det er ikkje berre spøk i det jentene seier. At ungdom samanliknar seg sjølv med andre personar på Instagram er vanleg, fortel Johannessen. Ein vurderer eigne evner opp mot andre. Ho åtvarar samstundes ungdom mot å få dårleg sjølvkjensle.

– Nokre av mine informantar på 14-15 år blei triste og mista sjøltilliten når dei såg på andre sine «vellukka» liv på Instagram, seier medievitaren. 

LES OGSÅ: Media gir ungdom sårleg sjølvbilde.


Sara Slålie og Synne Nordanger Brandsdal sjekkar Instagram. Foto: Ingunn Gjærde

Blikk frå pappa
Jentene innrømmer at mykje tid går med til å oppdatera seg og følgja med på sosiale medium. Dei vaksne er ikkje alltid heilt nøgde med at den yngre generasjonen berre stirar ned i den altoppslukande telefonen.

– Det kan bli litt mykje av og til. Når eg kjem heim frå skulen hender det at eg berre blir sitjande på golvet i gangen, med mobilen i fanget, seier Slålie.

– Eg får eit slikt blikk frå pappa nokre gonger, fortel Brandsdal, og myser litt med augo for å visa.

Då veit ho at det er på tide å leggja telefonen vekk ei stund. Men ikkje for lenge då. Ein kan jo ikkje gå glipp av noko.

LES OGSÅ: – Facebook fortel meg kva som er trendy, men ikkje kva som er siste nytt