«La Instagram vere ein byggjestein i livet ditt, ikkje ein bulldosar»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kor mange gongar for dag scrollar du deg gjennom feeden på Instagram? Ikkje reint få? Nei, då er vi to blant mange. Instagram er ein utømmeleg digital bank av vakre bilete og oppdateringar. Solnedgangar, bilete av smilande born, veltrente kroppar og vakkert danderte matrettar er å finne overalt. Det er ikkje vanskeleg å få inntrykk av at «alle andre har det så bra og er så mykje meir vellukka enn meg». Men kor ansvarlege er vi sjølve for kva Instagram gjer med oss, og kva er det eigentleg vi deler?

Har du nokon gong tenkt over kven du følgjer på Instagram? Er det folk som du kjenner personleg, eller følgjer du også fitnessbloggarar, youtubekjendisar, politikarar, skodespelarar, artistar og andre «førebilete»? Kva slags bilete er det som dukkar opp i feeden din, og kva inntrykk sit du att med etter å ha bladd gjennom eit titals bilete? Føler du deg betre med deg sjølv?

Ein elev som fekk 6-ar på munnleg eksamen, ei jente som skal delta i bikini fitness, ei som nettopp har vorte mor for tredje gong og til slutt ein som har gått ned «xx» kg med før- og etter-bilete som bevis. Kva gjer dette med deg? Eg føler meg gjerne litt meir miserabel der eg sit i senga for meg sjølv med godteri og joggebukse, medan eg ser korleis «alle andre» presterer og får til alt mellom himmel og jord.

Er feeden din eit representativt bilete på korleis livet ditt eigentleg er?

Då kan vi godt ta ein tur innom vår eigen profil og sjå på kva vi sjølv har valt å dele. Korleis bidreg vi sjølve til dette? Er feeden din eit representativt bilete på korleis livet ditt eigentleg er? Min er ikkje alltid det, skal eg vere ærleg.

Kva er eigentleg greitt å dele? Mange vil seie at ein skal få dele det ein vil, og eg er for så vidt samd i det. Vi høyrer veldig mykje om kroppspress i sosiale medium, då spesielt via Instagram. Det er forståeleg, sidan det er ein kanal der ein lett kan nå ut til veldig mange. Dei siste åra har Instagram vorte ein arena der mange deler bilete og tekst angåande mat, trening og kropp med omverda, på godt og vondt. Det er ikkje alltid lett å vite kvar grensene går for kva ein bør dele og kva ein bør halde for seg sjølv.

Kvinneguiden.no har i samarbeid med blant andre psykiater Finn Skårderud utvikla «Sunn Fornuft-plakaten». Den inneheld gode retningslinjer for kva ein bør tenkje over før ein publiserer innlegg relatert til mat, kropp og trening. I korte trekk handlar det om å luke ut tal som vekt, BMI og kaloriinntak. Den dreg også fram det faktum at ingen har same behov og føresetnadar. Ikkje alt passar for alle, og det er eit svært viktig poeng.

Kroppspress er i stor grad noko vi skaper sjølve.

På same måte som at kvar enkelt har eit ansvar for kva ein publiserer, har ein også eit ansvar for kva informasjon ein sjølv vert utsett for via appen. Kroppspress er i stor grad noko vi skaper sjølve. Det er definitivt nesten umogleg å unngå det heilt i dagens samfunn, men ein kan prøve å skjerme seg sjølv dersom ein føler seg sårbar. Ein kan når som helst trykkje på «slutt å følgje».

Det finst eit enormt hav av Instagram-profilar med ulike fokus og tema. Du kan bruke denne appen til å finne kontoar som gir motivasjon, glede og inspirasjon til å gjere det beste ut av ditt eige liv. Likar du å følgje med på kva dine nærmaste driv med, gjer det. Får evige oppdateringar om kropp og trening deg til å sjå ned på deg sjølv, finn andre kontoar som kan hjelpe deg til å dra deg sjølv opp. Sørg for at så mange som mogleg av inntrykka du får gjennom sosiale medium, gir deg noko positivt.

Og det går heilt fint å poste eit bilete utan filter og sminke med nokre ærlege ord. For livet er fullt av kontrastar, og bak alle filtera er alle sårbare på ein eller annan måte. For litt sidan delte eg eit ærleg dikt og det vart teke like godt i mot som selfien eg delte veka før. Fasaden er noko vi sjølv set opp og det er heilt greitt å vise at den ikkje er hundre prosent tett. La Instagram vere ein byggjestein i livet ditt, ikkje ein bulldosar.