Det er framleis pølsefest i «Justice League»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sist veke kom det nyaste filmbidraget frå superhelt-universet til norske kinoar, nemleg actionfylte «Justice League». Filmen er den femte i rekka til varemerket DC Extended Universe, som står bak fleire superheltfilmar (sjå faktaboks).

I «Justice League» er verda trua av utanomjordiske skapingar, og Batman, Superman, Cyborg, Flash og Wonder Woman må inngå eit samarbeid for å redde kloden.

Generelt er superheltuniverset kjend for å vere mannsdominert. Trass i fleire kvinnelege superhelter som Catwoman, Batgirl, Supergirl og Wonder Woman, er dei mannlege karakterane hyppigare portrettert.

Justice League

Ezra Miller, Ben Affleck og Gal Gadot i Justice League. Foto: Filmweb

Men i det siste har Wonder Woman brøyta veg og kvinner får større og større plass i guteklubben. Sidan Wonder Woman-filmen kom ut tidlegare i år har ho fått mykje merksemd for å vere ein feministisk helt. Den kvinnelege nærværet er også tatt med vidare til «Justice League», der blant anna den matriarkalske amasonestammen får filmtid.

Sjølv om superheltverda går i ei meir inkluderande retning, er det likevel enno ikkje heilt likestilt.

Mannebriller

Universet til superheltane er framleis prega av det mannlege blikket, som i feministisk teori betyr å skildre verda ut i frå eit mannleg, heteroseksuelt perspektiv. I ei slik verd blir kvinner ofte objektivisert, dei får ei birolle og få replikkar.

Sjølv om teorien om det mannlege blikket har sine svakheiter – blant anna at ikkje alle menn har eit objektiviserande, undertrykkande syn på kvinner – er det likevel matnyttig å sjå på «Justice League» og resten av superheltverda i lys av denne teorien.

Det er nemleg tydeleg at regissøren bak «Justice League» – som er mann, har hatt på seg mannebrillene i sitt arbeid med å visualisere filmmanuset (forøvrig er det også pølsefest blant manusforfattarane).

Her er nokon eksempel på kvifor:

  • Wonder Woman framstår meir som eit augesnop enn kampklar når ho er iført ein badedrakt som rustning og sko med kilehælar. Til og med Aquaman har meir klede enn Wonder Woman.
    • Rustninga til dei krigerske amasonene er også liten. Berre at det ikkje alltid har vore sånn. Tilfeldig at kostymedesigneren bak «Wonder Woman» er kvinne, mens personen bak «Justice League»-utgåva av amasonene er mann?

  • I eitt klipp frå filmen er kameraet stilt bak Wonder Woman og mot dei fire mannlege superheltene, slik at det einaste som kjem med av Wonder Woman er hennar høgre rumpeskalk som dekker store deler av kinolerretet.
  • Diane Lane, som spelar adoptivmora til Superman, er 52 år. Ikkje den eldre, gråhåra kvinna ho skal førestille. Faktisk så er Diane Lane like gammal som Connie Nielsen, som speler amasonenedronninga Hippolyta, og berre 7 år eldre enn Ben Afflack som speler Batman. Det er ikkje noko nytt at Hollywood tilset yngre kvinnelege skodespelarar til eldre rollar. Filmkritikarane Catherine Bray og Guy Lodge meiner forklaringa er at «mannlege Hollywood-produsentar vil berre tilsette kvinner dei vil ha sex med».

Kvifor er det så viktig med kvinnelege superheltar?

For det første skapar det tøffe, sterke førebilete som også jenter kan identifisere seg meg. Ikkje fordi jenter berre kan sjå opp til jenter, men fordi kvinner møtar på utfordringar menn ikkje gjer. Difor får ein heller ikkje sjå korleis det blir håndtert. Visste du til dømes at Gal Gadot var gravid medan ho spelte Wonder Woman i filmen med same namn? Ingen menn kan gjere eit slikt førebilete.

I tillegg har undersøkingar vist at kvinnelege superheltar også har god effekt hos gutane.

Gal Gadot

Gal Gadot i rolla som Wonder Woman. Foto: Filmweb

Ei undersøking frå 2012 viste at å sjå på TV auka sjølvtilliten til kvite gutar, mens for kvite jenter og farga born av alle kjønn hadde TV ein motsett effekt. Kvifor? Fordi kvite menn på TV har ein tendens til å ha høg utdanning, prestisjefylte jobbar, vakre hus, vakre koner og lite eksponering til kor vanskeleg det er å kome til det stadiet.

Jenter har ofte hatt eit eige territorie når det kjem til underhalding. «Jente»-seriar og «jente»-bøker har gjerne sterke kvinnelege hovudroller, men det er eit område som ikkje appellerar til gutar flest.

Men med å inkludere kvinnelege superhelter trer kvinnene inn i mennenes territorium. Ikkje som objekt, veggpryd eller ho som venter heime mens mannen er ute og reddar verda. Ho er med på å redde verda. Som Caroline Siede i Quartz skriv; «Gutane blir uunngåeleg introdusert til smarte, sterke kvinner som kan kjempe deira eigne kampar.»

Det kan det bli bra menn av.

Dominerar både foran og bak kameraet

Ein analyse av 414 filmar og TV-seriar som blei vist frå september 2014 til august 2015 hjå 10 store medieselskap i USA viste at kvinner hadde berre regissert 3,4 prosent av filmane og TV-seriane.

Når menn også dominerar bak kameraet, er det kanskje ikkje så rart at filmar som «Justice League» blir så prega av det mannlege blikket. Men det er ikkje berre kvinner i regissør-stolar og hovudrollar som kan gjere mannsblikket mindre dominant.

Så mens me ventar på at fleire kvinnelege superheltar får innpass i DC- og Marvel universet, kan menn ta eitt oppgjer innad. Hadde ikkje sluttresultatet blitt meir truverdig viss Supermann si mor blei spelt av ei dame med rett alder? Eller at unødvendige scener som då Wonder Woman si rumpe dekkte halve biletet blei fjerna? Ville det ikkje appellert til eit større publikum viss også jenter og kvinner blir inspirert av karakterane i filmen?