UFO-film om jærbonde til to amerikanske festivalar
Romvesen på Jæren er tema for den norske kortfilmen «Transit Conjunction», som er undervegs til to store, amerikanske festivalar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er regissørane Fredrik Waldeland og Jonas Reed som står bak «Transit Conjunction», som òg måtte spytte i pengar sjølv for å lage den.

Fra den norske kortfilmen “Transit Conjunction” – et UFO-drama fra JÊren, som n skal ut i verden. Foto: Foton4 Film
Den festivalinviterte kortfilmen er nemleg produsert for pengar dei har sjølv og pengar frå filmselskapet Foton 4 Film, etter at det blei avslag på stønadssøknaden i Rogaland. No er resultatet klart til å visast fram:
Først i hovudprogrammet i Hollyshorts Film Festival i Los Angeles, som viser fram kortfilmar frå heile verda – og også er ein Academy Awards-kvalifiserande festival. Den opnar 10. august.
Deretter skal historia om jærbonden som opplever å få kona bortført, før han sjølv må forsvare garden sin mot aliens, vidare til Utah og sjangerfestivalen FilmQuest 2017 i tida 8. til 16. september. Der er den tatt ut til kategorien SCI-Fi Short, melder Foton 4 Films.
På mystisk vis forsvinn gjenstandar og dyr frå garden og hovudkarakteren blir besett av å fange den skuldige. Det er romvesen på Jæren …
(©NPK)