Nordmenn strøymer til kinosalen
Første halvår i år blei det selt 5.828.323 billettar på norske kinoar. Det er ein auke på 0,8 prosent frå rekordåret i fjor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekordmange kinobesøk i 2017
Dermed går det mot endå eit rekordår for norske kinoar. Vi må tilbake til 2006 for å finne tal som er høgare enn frå dei seks første månadene i år. Det året trekte påskefilmen «Istid 2» 865.000 til kinoane, og til saman blei det selt 5.892.428 billettar, 64.000 fleire enn i år.
– 2016 var det beste kinoåret sidan 1983. At vi framleis klarer å liggje framfor dette året er nesten utruleg og viser igjen kor sterkt kinoane står blant alle kultur- og underhaldningstilboda, seier administrerande direktør Guttorm Petterson i Film & Kino.
– Hausten blir den store prøven. Det er definitivt høgsesongen for film på kino, og i fjor var det mange sterke filmar på denne tida, ikkje minst norske, seier Petterson.
Den mest sette filmen første halvår på norske kinoar var «Skjønnheten og Udyret», med 347.611 besøkande. «Vaiana» var nest populær med 296.285 besøkande, og «Pirates of the Caribbean: Salazar’s Revenge» var den tredje mest populære med 286.132 besøkande.
I juni besøkte totalt 838.999 norske kinosalar, som er 8,6 prosent mindre enn i fjor. Den månaden var «Pirates of the Caribbean: Salazar’s Revenge» den best besøkte kinofilmen.