13 prosent av norske kvinner har blitt seksuelt krenka i rusa tilstand
Dei mellom 21 og 25 år er mest utsette, viser ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka er henta med velvilje frå ABC Nyheter.
– Å bli så full at du mistar kontroll over kva du gjer kan få konsekvensar som er mykje verre enn å berre seia noko dumt, seier Sturla K. Naas Johansen, seksjonsleiar ved RUStelefonen til ABC Nyheter.
Over halvparten av den norske befolkninga har drukke så mykje at dei har mista kontrollen. 38 prosent har opplevd ubehag som følgje av dette. Det viser ei ny landsdekkjande undersøking som YouGov har utført på vegner av RUStelefonen, ei landsdekkjande informasjonsteneste om rusmiddelproblematikk.
– Det desse funna viser er at overstadig rus er både utbreidd og årsaka til ei rekkje ubehagelege opplevingar. Fylla har skulda, rett og slett, fortel Johansen.
– Kan vera øydeleggjande fysisk og psykisk
Det mest vanlege er at folk angrar på ting dei skal ha sagt i rusa tilstand. Å koma i krangel er det nest vanlegaste.
Undersøkinga viser også at sju prosent har blitt utsette for vald. Tre prosent har utsett andre for vald, medan to prosent har utsett andre for seksuelt krenkande åtferd i rusa tilstand.
– Alkohol er eit utbreidd og lovleg rusmiddel som er godt forankra i norsk kultur, men overdriven bruk skjer ofte og har potensielt store skadeverknader. Å bli utsett for, eller utsetja nokon andre for, vald eller seksuelle krenkingar er langt meir enn noko ubehageleg. Det er opplevingar som kan vera øydeleggjande både fysisk og psykisk, påpeikar Johansen.
- Les også: – La pusen vere!
Kvinner mellom 21 og 25 mest utsette
Ti prosent av norske menn har blitt utsett for vold, mens det tilsvarande talet for kvinner er fem prosent.
Samstundes er det nesten kun kvinner som har opplevd seksuelt krenkande åtferd.
13 prosent av alle norske kvinner har opplevd seksuelt krenkande åtferd i rusa tilstand. Berre to prosent av den mannlege befolkninga har blitt utsette for det same.
Dei kvinnene som oftast opplever seksuelt krenkande åtferd er dei i alderen mellom 21 og 25 år. 15 prosent av alle som har opplevd seksuelt krenkande åtferd er i denne aldersgruppa.
– Dette viser tydeleg at overdriven alkoholbruk kan få store negative konsekvensar. At 13 prosent av alle kvinner har blitt utsette for seksuelle krenkingar eller overgrep medan dei har vore fulle er bekymringsfullt, seier Johansen, som understrekar at ein aldri skal leggja skulda på offeret i slike samanhengar.
– Tala illustrerer likevel at dette ofte skjer i samanheng med overdrikking, der det gjerne er slik at både utøvar og offer har drukke mykje. Pass på deg sjølv og venene dine, og ikkje drikk så mykje at du mistar kontroll.
- Les også: Slik ser seksuell trakassering ut