Ethan (15) tok livet sitt – mora saksøker Roblox og Discord
– Roblox er overfylt med skadeleg innhald og barneovergriparar fordi dei prioriterer brukarvekst, inntekter og profitt framfor tryggleik for born, hevdar advokat.

15 år gamle Ethan Dallas frå USA tok livet sitt etter å ha blitt seksuelt misbrukt over nett. Det skriv mellom anna The Independent.
I spelet skal han ha møtt ein 37 år gammal mann, som gav seg ut for å vere jamgammal med Ethan. Dei tok samtalen over til kommunikasjonsplattforma Discord, og etter kvart fekk samtalen mellom dei seksuell karakter.
Den 37 år gamle mannen skal då ha truga Ethan til å sende han eksplisitte bilete av seg sjølv.
Ethan fortalde etter kvart mor si kva som hadde skjedd. Fire månader seinare tok han livet sitt.
– Ansvarslaus og villeiande
Den 37 år gamle mannen har vorte arrestert for ulike forhold, mellom anna å oppbevare overgrepsmateriale, og å sende skadeleg materiale til mindreårige.
No saksøker Rebecca Dallas, mora til Ethan, Roblox og Discord for ansvarslaus og villeiande drift, som førte til at sonen hennar vart seksuelt misbrukt og tok livet sitt.
I søksmålet hevdar ho at dette ikkje ville ha skjedd dersom plattformene hadde teke ekstra grep for å verifisere alder eller identitet hos brukarane.
– Ethan ville då aldri ha hatt kontakt med denne overgriparen, aldri blitt utsett for skaden han vart, og aldri døydd i sjølvmord, står det i søksmålet.
Niande søksmålet
Advokatfirmaet Anapol Weiss oppgir at dette er det niande søksmålet dei har ført som er knytt til skuldingar om at born har vorte grooma, utnytta eller utsette for overgrep gjennom Roblox eller liknande plattformer.
Advokat Liz Murrill har i eit liknande søksmål sagt:
– Roblox er overfylt med skadeleg innhald og barneovergriparar fordi dei prioriterer brukarvekst, inntekter og profitt framfor tryggleik for born.