Dramatisk fall i talet på unge i arbeid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre unge i arbeid

Delen unge utanfor arbeidsmarknaden er på sitt høgste sidan midten av 1990-talet.

I førre veke la SSB fram Arbeidskraftundersøkinga (AKU) som viser at delen av befolkninga som er i arbeid eller søkjer arbeid, går nedover. For nordmenn under 25 år er fallet dramatisk, skriv Dagens Næringsliv.

Utviklinga der norske ungdommar hamnar utanfor arbeidslivet kjem av at delen langtidsledige har auka, at færre utanfor arbeidsstyrken kjem i arbeid og færre studentar har deltidsjobb, forklarar seniorrådgjevar Erik Herstad Horgen i SSB. I 2016 var 55 prosent av personane mellom 15 og 24 år i arbeidsstyrken, den same delen som frå 1993 til 1995. På slutten av 90-talet kom det derimot ein oppgang som førte til at fleire unge kom seg inn i arbeidsmarknaden.

LES OGSÅ: Øyvind fekk ikkje jobb. Så møtte han Fretex-Frode.

Trengst kraftigare innsats
– Ein kan ikkje ta for gitt at det same vil skje igjen. På 90-talet opplevde Noreg eit kraftig oppsving etter krisa med sterk vekst i oljeverksemda, investeringar og sterk sysselsettingsvekst. Det vart ein veldig gunstig arbeidsmarknad utover på 90-talet, seier forskar Jon Erik Dølvik ved forskingsinstituttet Fafo. Situasjonen i dag er ein annan med nedgang i oljepris, -investeringar og -inntekter, i tillegg til at eit teknologisk skifte kan eliminere jobbar.

– Denne gongen trengst det kraftigare innsats for å bidra til å løfte kompetansen til dei som er mest utsette for å falle ut, eller allereie har falle ut, seier han.

LES OGSÅ: Hanne (22) nekta å bli registrert som ung ufør.