Færre unge, ufaglærte menn i jobb

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste ti åra har delen nordmenn som jobbar, sokke med 2,2 prosentpoeng, men for unge, ufaglærte menn er det meir dramatisk, skriv Klassekampen. I aldersgruppa 25–29 år er det ein nedgang på 13 prosentpoeng.

Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå avisa sett på alder og utdanningsnivå frå arbeidskraftundersøkinga.

I aldersgruppa 30 til 39 år har sysselsettingsgraden falle med 7 prosentpoeng frå 2006 til 2016. I gruppa 15 til 24 har den falle med 8 prosentpoeng i same periode.

LES OGSÅ: Likestilling gir betre livskvalitet for menn

Seniorforskar Simen Markussen ved Frisch-senteret ved Universitetet i Oslo meiner teknologi og innvandring er blant årsakene til den store nedgangen for unge, ufaglærte menn.

– For gruppa av unge, ufaglærte menn er endringa dramatisk. Dei har hamna i ein dobbel skvis ved at teknologiske endringar gjer etterspurnaden etter slik arbeidskraft mindre. Samtidig som innvandring har skapt eit tilbodssjokk av folk som vil jobbe. Det er fleire som slåst om færre jobbar, seier han.

Han seier redusert etterspørsel etter ufaglært arbeidskraft og auka krav til utdanning er ein trend ein har sett lenge.

For kvinner med høgare utdanning mellom 25 og 29 år har sysselsettingsgraden falle med berre eit halvt prosentpoeng.

FÅ OGSÅ MED DEG: Meir arbeidsløyse blant unge kinesarar