«Eg vel sida til arbeidarane og til ungdomen. Kva side vel du?»

mm

På måndag feirar me arbeidarane sin dag. Me feirar dei kampane me har vunne gjennom fleire generasjonar, og som har forma samfunnet vårt til det det er i dag. Men er arbeidarane sin dag noko me som ungdom bør engasjere oss i?

Ja, det meiner eg absolutt.

Sjølv med alle sigrane frå tidlegare generasjonar i ryggen, går unge ei usikker framtid i møte. Me har i dag ei arbeidsløysekrise her i landet som ein aldri har sett maken til. Me har 115.000 menneske i Noreg som slit med å betale huslånet, og som ikkje har råd til ferie med borna sine.

Når arbeidsløysa er høg, er det ungdom som lir. Det er me som ikkje får læreplass, og det er me som vert ståande med eit hol i CV-en som kjem til å følgje oss resten av livet. Dette er ikkje tilfeldig.

Forskjellane aukar meir enn nokon gong. Dei aukar mellom unge og eldre, mellom rike og fattige, og mellom dei som har jobb og dei som står utan.

Samstundes har me ei regjering som ikkje gjer noko for å motverka dette. Ei regjering som framleis trur at skatteletter på magisk vis skaper arbeidsplassar. Ei regjering som har lagt til rette for at langt fleire må gå til midlertidige stillingar framfor fast jobb. Me har ein finansminister som lukkar augo og seier til Stortinget at forskjellane ikkje aukar, og ein statsminister som ikkje vil kalle det heile ei krise. Men dette er ei krise. Ei stor krise, og det er ungdomen som står att som taparen.

Det arbeidslivet som vert rasert av den blåblå regjeringa er det me som er unge i dag som må forhalde oss til i morgon. Det kan me ikkje akseptere. Me kan ikkje stå å sjå på at Erna Solberg sørgjer for at me ikkje kjem oss på bustadmarknaden, fordi me ikkje har ein fast jobb å vise til. Me kan ikkje stå å sjå på at Vestlandet ligg med knekt rygg, og ingen har mot til å satse på nye løysingar for å hjelpe det opp att. Me kan ikkje stå å sjå på at høgresida øydelegg vår framtid!

Difor må me må stå saman, og 1.mai er dagen det må skje. Det er dagen me må ta kontroll over eigen kvardag, og vise at ungdom ikkje aksepterer at nokre mørkeblå gamlingar øydelegg det som skal vere vår framtid.

Til hausten er det stortingsval, og dette valet handlar om å velje side. Eg vel sida til arbeidarane og til ungdomen. Kva side vel du?

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

Kommentarar

ANNONSE