Meir enn annankvar spanjol under 25 år er arbeidslaus. Det tyder ikkje at dei ligg på latsida.

Dystre bilete vert måla av framtidsutsiktene til sør-europeisk ungdom. Arbeidsløysa talar sitt tydelege språk – i Spania står annankvar person under 25 år utan jobb. ”Den tapte generasjon” vert ungdommane kalla. Dei har korkje jobb, hus, eller pensjonsrettar.

Men ungdommane utan framtid har ikkje gitt opp håpet. Dei er mange, dei er fryktlause og dei er sinte.

Kjempar for framtida
– Vi vart fortalde at om vi studerte og gjorde det bra, så ville det gå bra med oss. Så vi studerte, men det finst ingen jobbar, seier Miren Alonso Alvarez.

Ho er ein del av grasrotrørsla Juventud SIN Futuro (Ungdom utan framtid), som vaks ut av Indignados-protestane i Spania i 2011. Ungdom utan framtid har sidan blitt ein av dei mest slagkraftige sosiale rørslene i det kriseramma landet.

LES OGSÅ: Fryktar tapt generasjon

Denne veka deltok Alvarez på konferansen Nøklar til krisa i Europa, i regi av organisasjonen ATTAC %. Med seg hadde ho aktivistar frå andre spanske grasrotrørsler.

– Kanskje har vi ikkje jobb, hus eller pensjonsrettar, men vi har heller ikkje frykt, sa ho til dei frammøtte under konferansen.

Gjennom Ungdom utan framtid arbeider ho for levekåra til sin eigen generasjon, både når det kjem til velferd, utdanning og arbeid.

– Unge i Spania går frå kortidskontrakt til kortidskontrakt. Nokre får såkalla stipend, som i røynda er dårleg betalte jobbar. Andre må frilanse, men gjer ein vanleg jobb. Det har blitt lettare å sparke folk. Endå verre er det for dei som ikkje har utdanning. Dei hamnar nedst på lista, fortel Alvarez.

– Sparkar oss ut
Mange unge spanjolar reiser utanlands for å søke lukka. I sin seinaste kampanje har Ungdom utan framtid samla historier frå spansk ungdom som har forlatt heimlandet for å skape seg ei framtid.

– Politikarane framstiller det som at unge reiser av eventyrlyst. Det er ikkje sant. Vi reiser fordi den økonomiske situasjonen og det politiske systemet dyttar oss ut, seier Alvarez.

Patricia Parrado Benitez (26) veit kva Alvarez snakkar om. Ho er sjølv aktivist i Ungdom utan framtid, og flytta til Noreg for to år sidan fordi situasjonen i Madrid var for ille.

– Familien min er i ein dårleg posisjon. Faren min har mista jobben som lærar, og mora mi arbeider i ein offentleg kafeteria. Dei tener ikkje mykje, så eg må klare meg sjølv.

LES OGSÅ: – Ungdom i Europa må reddast

Patricia kom til Bergen som Erasmus-student. Med kring 25 000 kroner i årleg stipend måtte ho straks finne seg ein jobb. I eitt år arbeidde ho fulltid, samstundes som ho studerte statsvitskap.

Då venene reiste tilbake til Spania, flytta ho til Oslo med kjærasten for å prøve lukka der.

– Det er inga framtid for meg i Spania, så eg ville prøve å bli verande her. No har eg ein jobb, og sjølv om den ikkje har noko med utdanninga mi å gjere er det betre enn å vere arbeidslaus, seier ho.

Patricia vert trist av å tenke på framtida, og slit med kjensla av dårlig samvit.

– Eg har valt å kjempe åleine, og eg er veldig glad for at eg har ein jobb i Oslo. Men eg vert trist når eg tenker på folket mitt. Eg føler at eg har forlate dei, fortel ho.

Gjennom kampanjen håper Ungdom utan framtid å syne at ungdommane sine  individuelle historier er eit omfattande politisk problem.

Har håp
Patricia var med då protestane tok til for fullt i Spania,15. mai 2011.  

– Vi samla oss i Madrid sentrum, men vart kasta vekk av politiet etter ei natt. Då kom vi i media, og etter det kom alle. Vi vart verande der gjennom heile sommaren. Det var utruleg spanande og stort! Tenk om gatene i Oslo hadde vore fulle av besteforeldre, professorar, lærarar, studentar, arbeidarar og foreldre som snakka politikk, fortel ho.

LES OGSÅ: – Unge betalar den høgaste prisen

Indignados-rørsla, eller 15-M-rørsla var i gang. Dei krever omfattande politiske endringar, men har ifølgje Patricia endå ikkje blitt høyrt.

– Det er veldig skuffande. Folk byrjar å bli trøytte. I tre-fire år har vi prøvd og prøvd, men vi når ikkje fram. Vi stolar ikkje lenger på politikarane, seier ho.

– Samstundes vaks noko bra ut av desse demonstrasjonane, legg Patricia til, og nikkar mot Alvarez og dei andre aktivistane som har tala til dei framøtte under ATTAC %-konferansen.

– Desse gir meg håp. Folket kjem saman og kjempar og vi tenkjer alle det same. Det får meg til å sjå mindre svart på framtida, seier ho.

LES OGSÅ: Kjempar mot rekordstor arbeidsløyse

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE