– Eg ønskjer å avdramatisere forelsking mellom same kjønn

Christian Wiik Gjerde
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det skal vere uproblematisk at ei jente blir forelska i ei jente. Det er uskyldig.

Hovudpersonen Klara bur i Ålesund. Ho er verken populær eller upopulær. Ho flyt liksom berre rundt. Ho går på skule, bur saman med storebror og far sin som er skilt. Ho dansar ballet, og er eigentleg heilt vanleg. Ein dag kjem ei ny jente i klassa. Klara får sommarfuglar i magen, og forstår etter kvart at ho er forelska, for aller fyrste gong.

– Kjærleik og forelsking er fantastisk og kjennest likt ut, uansett om du er ung eller gamal. Eller om du forelskar deg i same kjønn. Hjarta våre ser heilt like ut, seier forfattar Linda Klakken.

Klakken veit godt korleis Klara har det. Ho har til tider vore så kvalm og uvel av å vere nyforelska, at ho ikkje har visst kva ho skulle gjere av seg. Ho har følt at 1000 maur har krope rundt i blodet. Hjernen har surra rundt. Ei heilt vanvittig kjensle, som gjer deg både stor og sterk og samtidig veldig usikker.

– Eg trudde at dersom eg tenkte hardt på ho eg var forelska i, så ville ho tenke tilbake på meg. Eg likte å tru at det gjekk an, seier forfattaren.

Ein vegg av roser

Du kjenner kanskje historia om Romeo og Julie, skriven av William Shakespeare. Paret som er vilt forelska, men som kjem frå to familier som er fiendar og gjer forholdet vanskeleg.

I Dumme, dumme hjarte møter vi Klara og Marie. Familiane er ikkje fiendar, men likevel er det lett å drage assosiasjoner mellom historiene. Det er særskilt ein situasjon Linda har skrive. Nemleg der Klara klatrar opp roseveggen til Marie sitt soverom. Det same gjorde Romeo.

– Då eg var yngre hadde eg ein draum om korleis eg skulle få min store kjærleik. Eg ville snike meg inn i ein hage, luske meg rundt under epletrea, kaste småstein på vindauget og lokke ho fram, før eg klatra oppover ein vegg dekt av roser. Det blei med draumen, seier Klakken:

– Men Klara fekk gjere det, heldigvis.

Ikkje om homofili

Det som skil Klara og Marie si historie frå Romeo og Julie, er at forelskinga til tolv år gamle Klara ikkje er tabu eller farleg, og det endar heller ikkje i ei tragedie. Det er ingen som er imot kjenslene til Klara. Det forstår vi då Klara fortel bestevenninna, Else, om det. Det er ingen vond eller pinleg kome-ut-av-skapet-situasjon. Klara fortel at ho er forelska i Marie, som om det var det mest naturlege.

Om Marie hadde vore ein gut, så hadde historia vore den same, for boka handlar ikkje om homofili. Boka handlar rett og slett om forelsking.

Det skal vere uproblematisk at ei jente blir forelska i ei jente. Det er uskyldig

Treng ikkje vere vanskeleg

Linda Klakken har tidlegare gitt ut fire bøker for vaksne. Foto: Kristin Aafløy Opdan/Samlaget

For Linda Klakken er det heilt naturleg å skrive om homofili. Det er like vanleg som at ho tek seg ei brødskive om morgonen. Ho er gift med kvinna i sitt liv, Kristin, og saman har dei to barn: Ella på 6 ½ år og Iben på 7 månader.

Men Klakken hugsar kor rart det var då ho var yngre. Då trudde ho at homofil forelsking måtte vere vanskelig.

– Eg forventa at det nesten skulle vere umogleg, med eit hav av fordommar mot meg. Men som vaksen ser eg at det ikkje skal vere umogleg, og det treng ikkje vere vanskeleg. Eg ønskjer å avdramatisere forelsking mellom same kjønn. Vi treng fleire heltar slik som Klara.

«Lady Gaga» kjem på besøk

Boka har fleire morosame episoder. Humor er eit verkemiddel som er fint å bruke når ein skriv om litt vanskelege ting. Dette viser Klakken då Klara prøver å finne faren ein kjærast. Klara får kontakt med HotMama18, Kattekvinnen og Strikkemor. Men det toppar seg då «Lady Gaga» kjem på besøk og strippar for den vesle familien. Ei tabbe ordna i regi av Klara, og hennar desperate forsøk på å gjere far sin glad igjen.

– Humor er meint til å gi trøyst og glede, men eg har kanskje brukt humor for å vise eit glimt av håp også. Humor er fint å bruke for å vise at ting ikkje er så ille, seier Klakken.

Dumme, dumme hjarte ei kjærleikshistorie frå vår tid, som skil seg positivt ut. Alle som har vore forelska kjenner seg igjen. Om du er hetero eller homo. Klara er fyrst og fremst berre ei ung og forelska jente.

– Det skal vere uproblematisk at ei jente blir forelska i ei jente. Det er uskyldig, avsluttar Klakken.

Fakta

Linda Klakken (f. 1979) er frå Ålesund, busett i Oslo. Ho er bibliotekar og forfattar.

 

Klakken har skrive fem bøker. Romanen Dumme, dumme hjarte er den første barneboka hennar.